Då er det på tide å planleggja innsending av siderprøvar, setja av i kalendaren at du skal ha varer klare til standen din og ikkje minst: du som skal berre gå rundt og kosa deg med kortreist mat, eplesaft, lappar og anna kjekt - noter i boka at i år er det helga 3.-5. oktober som gjeld! Me kjem tilbake med meir om programmet!
Forside-innlegg
Takk for ein herleg Siderfestival!
Etter kjapp oppsummering takkar den nye nemnda for at alle utstillarar, siderkonkurransedeltakarar, musikarar, frivillige og vêrgudane for at den tiande Siderfestivalen gjekk særs bra! Publikumsoversynet syner at me har hatt 1825 gjester på dei ulike arrangementa i helga: estimert 1000 deltakarar på marknaden, nærare 500 på festen laurdag kveld og resten jamt fordelt på dei resterande arrangementa.
Strålande sol over bidraga til årets siderkonkurranse
Det økonomiske resultatet ser ut til å gå i pluss, noko som må seiast å vera svært positivt sett i betraktning dei endringane som vart gjort og raset i Tokagjelet. Det var noko spennande å flytta heile området ned på hotellbøen framfor å ha det ved Tunet. Heldigvis har butikkane der oppe gjeve tilbakemelding om god publikumsflyt.
Fleire av dei involverte aktørane på årets festival har formidla at dei ynskjer å bidra til vidare utvikling av Siderfestivalen det komande året. Nemnda er lydhøyre for innspel og vil gjerne ha meir av både ris og ros.
No er det berre å leggja ny sider og så snakkast me om eit lite år!
Noregs beste sider er kåra!
Dette året har me innført to kategoriar, ein for profesjonell og ein for amatør. Juryen blindtesta 26 ulike siderar frå tilsaman 16 produsentar og kom etter nøye vurderingar fram til klåre sigrar: Nils Lekve frå Hardanger Saft og Siderfabrikk vann nok ein gong med sin ”Sprudlande”-sider, no i klassa profesjonell. Amatørklassa vart vunnen av Reidar Skogheim frå Seljord (biletet). Juryen bestod av Hanne Frosta (Hanne på Høyden), Fredrik Saroea (Lysverket/Datarock), Vidar Klausen (Vinhuset) og Anders Horn (Thon Hotel Sandven) og hadde dette å sei om vinnarsiderane:
Om Nils Lekve sin Hardangersider Sprudlande: ”Fin, klar, gul farge, fantastiske bobler som lever i glasset, dufter av modne epler, delikat i munnen, god balanse mellom syre og sødme, frisk tørr avslutning med lang ettersmak. Passer godt som apertif og til mat.”
Om Reidar Skogheim sin ”heimesider”: ”Fin, klar, dyp farge, bra bobler, modne epler på smak, frisk duft og behagelig i munnen.”
Her er palleplassane:
Profesjonell:
Nr 1. Hardanger Saft og Siderfabrikk, Nils Lekve – Hardangersider Sprudlande
Nr 2. Hardanger Saft og Siderfabrikk, Nils Lekve – Hardangersider Tradisjonell
Nr 3. Hardanger Cideri, Sjur Jaastad
Amatør:
Nr 1. Reidar Skogheim
Nr 2. Helge Frøland
Nr 3. Gerd Lysen/ Andreas Østlund (delt)
Godsaker på laurdagsmarknaden!
Godt over tredve bodar vert sett opp i finvêret på laurdag slik at du kan kosa deg til helga. Potekaker di greie? Kva med heimelaga iskrem? Eller kanskje du treng nytt verkty? I tillegg til epler og frukt i alle retningar, så bugnar det av ymse godsaker. Marknads- og festivalområdet er flytta over på hi sio av vegen, nærare bestemt området mellom hotellet og kyrkjegarden.
Marknadsprogram:
Kl 1000 Marknaden opnar
Kl 1200 Danseframsyning med Janes danseskule
Kl 1300
Rapframføring rappeskule
Kl 1330 Christine Sandtorv
Kl 1400
Side Brok gjev ein smakebit på kvelden...
Kl 1430
Finale
i Sidertevlinga
Klikk her for å sjå oversikt på utstillarane: http://siderfestival.no/om-oss/
