Siderkonkurranse

Siderkonkurranse 2023

Kjersti og Eli med vinnarsideren til Jørund Olav Grønsberg i tradisjonell klasse.

Pseudonymet Oliver viser fram issideren sin Fimbulvinter.

Nye produsentar blanda seg inn mellom “gamle” kjenningar.

Tradisjonen med siderkonkurranse i Øystese held fram. Norges mest siderkunnige domarpanel vurderer prøvene som kjem inn. Dei vurderer sidrane etter internasjonalt brukte retningslinjer, og gjev poeng for korleis dei ser ut, luktar og smakar.

Det kom inn 51 prøver til vurdering i år, 31 i klasse for tradisjonell sider og 20 i Open klasse. To juryar var i sving tidlegare i veka for å vurdera prøvene som var leverte inn, og plukka ut dei som var verdige til å vera med i finalen.

Mellom dei som ynskjer ei fagleg vurdering av sidrane sine, er det ei fin blanding av nybegynnarar og gamle travarar. Mange har sider som hobby, medan andre seier at dette kan gje grunnlag for ei satsing som profesjonell siderprodusent. Her er representantar frå aust og vest, sjølv om hardingane er i fleirtal.

Serina slo (nesten) alle / beste kvemming
Festivalen set ekstra pris på at nye unge siderprodusentar leverer inn prøver. I år var Serina Sandven sin sider så god at ho kom til finalen, og i finalen vart det ein fjerde plass. Det var mange kjende dyktige siderprodusentar (og to brør) som måtte sjå seg slått av Serina. Sideren hennar var laga av Filippa eple som lenge var eit viktig eple for fruktdyrkarane i Kvam. Filippa viser seg igjen som eit godt sidereple.

Jørund Olav Grønsnes (og Eli Mokleiv) gjekk til topps ved fyrste forsøk i klassen for tradisjonell sider
Rett etter og på plassene før Serina, var det flotte sidrar frå Sørfjorden. Tidlegare vinnarar som Vegard Aga og Atle Velure var igjen mellom dei fem beste, og nykomarar på Siderfestivalen var Inge Børve og Jørund Olav Grønsnes. Alle fire flotte eksempel på moderne sider frå Hardanger. Det står ikkje på kvaliteten på sideren dersom nokon av dei vil satsa kommersiell siderproduksjon.

Topp 5 i klassen for tradisjonell sider:

  1. Jørund Olav Grønsnes

  2. Atle Velure

  3. Vegard Aga

  4. Serina Sandven

  5. Inge Børve

På plassene vidare var det hederleg omtale til ein sider frå Jon Arne og Kristian Terjesen, Utne og so tok Kvam dei fire neste. Helge Frøland og ein utflytt kvemming som kallar seg Oliver hadde to sidrar kvar som var tett på finaleplass. Sjølv om Oliver bur og lagar sider i Oslo, er både han og epla oppvaksne i Kvam.

Pæresider vann Open klasse
I Open klasse er det mykje god sider med klassiske smastilsetjingar som bringebær og humle. Men det er og ein del eksperimentelle sidrar med meir uvanlege smakstilsetjingar. Stikkelsbær, solbær, plommer og druer har vore med tidlegare. Mango og chili var nye i år.

Det kom i år inn fire pæresidrar. Tre av dei var mellom dei beste, så domarpanelet på festivalscena fekk fyrste velja kva pæresider dei syntest var best. Her vann Lisa Alvavoll, Lofthus, framfor Jarle Øvsthus frå Odda. I finalen vann Lisa sin pæresider over ein sider med raude bær og ein med mango.

Topp 5 i Open klasse:

  1. Pærri 4,7%, Lisa Alvavoll

  2. Raud odding, Jarle Øvsthus

  3. Sider med eit hint av Syden, Jan Asbjørn Utne

  4. Pæro, Jarle Øvsthus

Med delt femteplass for

  • Sider med plomme (og pittelitt drue), Mette Hereid Aalvik,

  • Økologisk eventyrsidere frå Voss (med humle), Johannes Gjerstad og Klaus Finne

  • Og Pærri 9% og frå Lisa Alvavoll

Issider er noko for seg
Oliver hadde og laga ein issider, Fimbulvinter, på jus frå kvammaeple. For å laga issider, frys ein eplejus. Når denne så får tina, samlar ein opp den fyrste jusen (fyrste femte til fjerdeparten) som tinar. Så gjærar ein denne konsentrerte jusen til ein søt smaksrik dessertsider. Det er ofte vanskeleg å få ei så konsentrert væske til å gjæra, det er mest like søtt som sirup, men denne var gjæra med kveik. Interessant for mange som prøver å laga eigen issider.

Fimbulvinter, ein issider, vart festivalen sin beste sider
Fimbiulvinter fekk svært god omtale av alle domarane, og me valde å setja han opp mot vinnarane i tradisjonell klasse og open klasse. Slik måtte juryen koma fram til kva som Festivalen sin beste sider. Dei var svært i tvil, for det er ikkje lett å samanlikna ein pæresider, ein eplesider og issider. Denne gongen vart Oliver sin Finbulvinter issider kåra til Siderfestivalen 2023 sin beste sider uansett klasse, og ein ekte amatør slo meir proffe produkt frå Sørfjorden.

Domarar: Hanne Frosta, Thor Oddvar Havn og Kasper Wrem Anderson

Tidlegare vinnarar av siderkonkurransen


Vinnar 2022 - Tradisjonell sider
1. Vegard Aga, Aga med ein lys moderne sider.
2. Jarle Øvsthus, Odda med Holven sider.
3. Helge Frøland, Vikøy med Høgt oppe.

Vinnar 2022 - Open klasse
1. Jarle Øvsthus, Odda, med humlesus.
2. Jon Terje Jåstad, Voss, med ein sider av eplejus med humle 
3. Mette Hereid Aalvik, Ålvik, med ein sider med plomme. 

Vinnar 2021 - Tradisjonell sider, klasse for produsentar med tilverkings- og salsløyve
1. Spildegarden, Øystese: Spilde Aroma 6,5%
2. Heldre, Lofthus: Sider av Aroma og Discovery
3. Hardanger saft og siderfabrikk, Ulvik: Dronningsider

Vinnar 2021 - Open klasse for profesjonelle
1. Alde, Nå: Svans
2. NeRø, Notodden: Issider
3. Apal, Hjelmeland: Kompani

Vinnar 2021 - Tradisjonell sider, klasse for amatørar:
1. Atle Velure, Grimo: Haill
2. Fiskekameratane, Granvin: Aromasider spontangjæra
3. Hobbybryggeriet, Odda: Filtrert eplesider

Vinnar 2021 - Open klasse for amatørar
1. Jon Terje Jåstad, Voss: Sider med humle
2. Hobbybryggeriet, Odda: Sider med bringebær
3. Hobbybryggeriet, Odda: Sider med humle

Vinnar 2020 – Festivalens beste sider
Vegard Aga sin Sider med humle (Open Klasse amatør).

Vinnar 2020 – Tradisjonell sider, klasse for produsentar med tilverkings- og salsløyve
1. Hardanger Saft og Siderfabrikk, Dronningsider. 96 poeng
2. Spildegarden, Aromasider 6,5%. 94 poeng
3. Hardanger Saft og Siderfabrikk, Sprudlande. 94 poeng

Vinnar 2020 – Tradisjonell sider, klasse for amatørar:
1. Trond Inge Kjerland, Sned’n. 102 poeng
2. Arnvid Steinstø. Sider 1. 89 poeng
3. Vivian og Geir Flotve, Filippasider. 86 poeng

Vinnar 2020 – Open klasse for produsentar med tilverkings- og salsløyve:
1. Olav Bleie, Alde sider med issider «hale». 105 poeng
2. Spildegarden, Spilde Raud (sider med bringebær). 101 poeng
3. Lindheim, Malus dolgo (blanding av sider av prydeple og pæresider av gråpære). 98 poeng

Vinnar 2020 – Open klasse, amatør:
1. Vegard Aga, sider med humle. 97 poeng
2. Hallfrid Utne Elje, sider med humle. 84 poeng
3. Ingebjørg Garnes, sider av villeple med urter og litt issider. 75 poeng

Vinnar 2020 – Mest nytenkande produkt
Alvavoll Frukt og Sidergard: Espe-Knut

Vinnar 2019, tradisjonell sider – profesjonell klasse
1. Åkre gard v/ Arita og Gjermund Åkre for Edel Eplesider 6,5%
2. Sjuragarden v/ Jarand Mo Dalatun for Aromasider
3. Ekspedisjonen v/ Fredrik Opedal for Skrikjo

Vinnar 2019, tradisjonell sider – amatørklasse
1. Silje van Hoek for ein lys og mild sider
2. Terje og Elias Bleie for ein sider med bobler
3. Jon Eivind Skurtveit for sider laga av 75% Aroma og 25% Discovery

Vinnar 2019, open klasse – profesjonell
1. Spildegarden v/ Jane og Geir Henning Spilde for Spilde Raud, eplesider med bringebær
2. Åkre gard v/ Arita og Gjermund Åkre for Edel Sider 12, sider der smaken er konsentrert med frysing
3. Hardanger Saft og Siderfabrikk v/ Nils Lekve for Humlesider

Vinnar 2019, open klasse – amatør
1. Ola Fjerdingen med ein «sider» basert på bringebær
2. Åsmund Kristiansen med ein eplesider med eldkvede

Vinnar 2018, profesjonell klasse
1. Aga Sideri, Lagmann sider
2. Åkre Gard, Edel sider 4,7%
3. Hardanger Saft og Siderfabrikk, Kvasshovden

Vinnar 2018, open klasse
1. Ulvik Frukt & Cideri, Hylleblomstsider
2. Aga Sideri, Humlepung
3. Åkre Gård med Edel Rosè og  Spildegarden med Spilde Raud, begge tilsatt bringebær

Vinnar 2018, amatørklasse
1. Bjarne Aga og Asbjørn Nå
2. Sondre Sandven, Gravenstein
3. Silje van Hoek, Aroma/Gravenstein

Vinnar 2017: profesjonell klasse
1. Kvitanesen poesisider, Ulvik Frukt & Cideri
2. Jøkulen, Hardanger Saft- og Siderfabrikk
3. Hardangersider Sprudlande, Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Vinnar 2017: amatørklasse
1. Joar Aga, Aga
2. Helge Frøland, Vikøy
3. Magne Lysen, Tørvikbygd

Vinnar 2016: profesjonell klasse
1. Alde, Bleie Gard
2. Cidereple, Hardanger Cideri
3. Kvitanesen – poesider, Ulvik Frukt & Cideri

Vinnar 2016: amatørklasse
1., 2. og 3: Helge Frøland med 3 ulike sidertyper; henholdsvis Summerred og Gravenstein, Aromasider og ren Gravensteinsider.

Geir Inge Knutsen fekk ein sterk 4.plass

Vinnar 2015: profesjonell klasse
1. Gjermund O. Åkre - Edel - 84 poeng
2. Hardanger Saft og Siderfabrikk - Kvasshovden - 80 p.
3. Hardanger Saft og Siderfabrikk - Dronning - 79 p.

Vinnar 2015: amatørklasse
1. Arnvid Steinstø - 72 poeng
2. Arvid Huun og Ola Andreas Sandven - 67 p.
3. Guttorm Inge Fykse - 63p.

Vinnar 2014: profesjonell klasse
Nr 1: Lekve Gard, Hardangersider Kvasshovden
Nr 2: Lekve Gard, Hardangersider Sprudlande
Nr 3: denne vart tredelt då alle oppnådde 67 poeng: igjen Nils Lekve Tradisjonell, Ulvik Frukt & Cideri sin Hakastadsider Tradisjon 2013 og Hakastadsider Gravenstein 7,5 %.

Vinnar 2014: amatørklasse
Nr 1, 2 og 3: Amatørklassa vart vunnen av Helge Frøland (Kvam) med 61 poeng, som også hanka inn 59 poeng på to av dei andre siderane og dermed alle tre palleplassane.

Vinnar 2013: profesjonell klasse:
Nr 1: Lekve Gard, Hardangersider Sprudlande
Nr 2: Lekve Gard, Hardangersider Tradisjonell
Nr 3: Hardanger Cideri, Sjur Jaastad

Vinnar 2013: amatørklasse
Nr 1: Reidar Skogheim (Telemark)
Nr 2: Helge Frøland
Nr 3. Gerd Lysen/ Andreas Østlund (delt)

Vinnar 2012 vart Sjur Jåstad, Hardanger Cideri.
Nr 2: Ulvik Frukt ogCideri
Nr 3: Helge Frøland


Sider­konkurranse 2022

Jarle Øvsthus frå Odda vann open klasse og kom på andre plass i klassen for tradisjonell sider.

Katrine Kvåle Rykkje fekk diplom for beste nykomar, og sideren hennar fekk mykje skryt av domarane sjølv om han var rett utanom finalen

Sider frå Ullensvang vann begge klassane 

Siderfestivalen i Øystese legg vekt på å vera ein festival for dei mange som lagar sider til eige bruk. I år var siderkonkurransen berre open for amatørar, men det var delt i to klassar; ein for tradisjonell sider og ein open klasse. Ein av grunnane til at proffane ikkje fekk delta i år, er at dei har sitt sider-VM i Bergen om 4 veker. 

Det kom i år inn 51 siderprøver til vurdering, meir enn tidlegare år. 39 av desse var i klassen for tradisjonell sider, medan 12 var i den opne klassen der det var sider med smakstilsetjing av både humle, bringebær, pærer, plommer og ingefær og ein issider. Kvemmene dominerte med 30 prøver, Ullensvang 10, resten av Hardanger og Voss 11 og 10 prøver får perifere stader som Oslo, Alver, Haugalandet m.m. Fleire av desse prøvene langt bortefrå var laga av produsentar med sterke røter i Kvam. 

To domarpanel vurderte prøvene både for utsjånad, lukt og smak. Dei var imponerte over den høge kvaliteten på dei beste prøvene. Mange av dei er heilt på høgde med sidrane ein kan få kjøpt. Nokre av prøvene er typisk moderne sider; lys, lite oksidert sider med tydeleg eplepreg, og god balanse mellom sødme og syre. Domarpanelet synest det er interessant og set stor pris på at tre av finalistane representerer meir tradisjonell sider. Det var litt mørkare sider, men med den ekstra interessante lukten og smaken som ein får i sider som ikkje er så hardt filtrert som det meste av moderne sider er. 

I klassen for tradisjonell sider var dei tre fyrste gamle kjenningar i siderkonkurransen: 

  1. Vegard Aga, Aga med ein lys moderne sider. Vegard vann open klasse i 2020. 

  2. Jarle Øvsthus, Odda med Holven sider. Jarle har både andre og tredjeplasser tidlegare år. 

  3. Helge Frøland, Vikøy med Høgt oppe. Helge er og tidlegare premiert, og kanskje den produsenten som har levert flest siderprøver til konkurransen gjennom mange år. 

Juryen gav ei ekstra oppmuntring til ein av dei unge lovande siderprodusentane som framleis er amatør, Katrine Kvåle Rykkje. Ho fekk diplom for beste nykomar, og sideren hennar fekk mykje skryt av domarane sjølv om han var rett utanom finalen. 

I open klasse vart desse premierte: 

  1. Jarle Øvsthus, Odda, med humlesus. Den beste av tre sidrar med humle i konkurransen. 

  2. Jon Terje Jåstad, Voss, med ein sider av eplejus med humle 

  3. Mette Hereid Aalvik, Ålvik, med ein sider med plomme. 

Etter dei tre fyrste, var det svært jamnt, og fleire hadde same poengsum. Frå fjerde sjuande plass skilde det berre eitt poeng. Her kom det to pæresidrar, ein issider og ein humlesider til. Juryen gav diplom for mest nyskapande produkt i konkurransen til Mette Hereid Aalvik for hennar sider med plomme.  

Helge Frøland frå Vikøy er kanskje den produsenten som har levert flest siderprøver til konkurransen gjennom mange år. 

 

 
 

Siderkonkurransen 2021

Geir Henning Spilde frå Spildegarden vann pris for beste tradisjonelle sider i klassen for profesjonelle. Sideren vart også kåra til festivalen sin beste sider uavhengig av klasse.

Geir Henning Spilde frå Spildegarden vann pris for beste tradisjonelle sider i klassen for profesjonelle. Sideren vart også kåra til festivalen sin beste sider uavhengig av klasse.

Atle Velure frå Hetleflåt i Sørfjorden vann beste tradisjonelle sider i klassen for amatørar.

Atle Velure frå Hetleflåt i Sørfjorden vann beste tradisjonelle sider i klassen for amatørar.

Premievinnarar frå alle deler av Hardanger (og ein frå Randaberg)

Siderinteressa er framleis stor. Det kjem stadig fleire prøver som amatørar og profesjonelle produsentar ynskjer å få vurdert. Mange meiner dei har laga verdas beste sider, og nokre få av deltakarane har faktisk diplom på at dei er mellom verdas beste siderprodusentar.

Hovudinntrykket til juryen var den svært høge og jamne kvaliteten på dei profesjonelle sine tradisjonelle sidrar og amatørane sin iderikdom i open klasse. Det er denne klassen som har auka mest siste året.

Ikkje alle er opptekne av konkurransedelen av vurderinga, men ynskjer fyrst og fremste tilbakemelding frå eit ekspertpanel. Var årets eksperiment med ny teknikk, nye eplesortar, nye gjærtypar eller tilsett nye smakar frå naturen vellukka, mislukka eller kanskje i beste fall kan kallast spennande, eller at det har potensiale?

Til årets konkurranse kom det inn 94 prøver fordelt på 29 prøver i klassen for tradisjonell sider for amatøra, 18 prøver i open klasse for amatørar, 32 prøver i klassen for tradisjonell sider for profesjonelle med produksjonsløyve og 15 prøver i open klasse for profesjonelle med produksjonsløyve

Me brukar dei offentlege løyva til produksjon, statlege eller kommunale, til å skilja deltakarane. For det er ikkje tvil om at mange av dei som kjem i amatørklassen, er svært proffesjonelle. Dei lagar svært god sider. Me har opplevd mange gonger at det har vore vanskeleg å skilja vinnarane i dei ulike klassane.

Dei tre beste i klassen for Tradisjonell sider for dei som har produsksjonsløyve vart:

  1. Spildegarden, Øystese: Spilde Aroma 6,5%

  2. Heldre, Lofthus: Sider av Aroma og Discovery

  3. Hardanger saft og siderfabrikk, Ulvik: Dronningsider

Det var utruleg jamn konkurranse. Innafor topp ti var kjende Hardangerprodusentar som Kvestad, Aga og Ekspedisjonen. Men òg tre produsentar frå andre distrikt; Sandalen gård i Randaberg, OmCider i Hjelmeland og NeRø frå Notodden.

Me ser at stille sider utan kolsyre vert lågt vurdert av panelet. Med fleire slike prøver, som mange ynskjer til mat, burde desse vore plassert i eigen klasse neste gong.

I open klasse er det sjølvsagt ope for det meste, berre det har eit tydeleg siderpreg. Det har etter kvart skilt seg ut fire undergrupper: dei med tilsett smak og farge frå raude frukter, humle og dei som er tilsett hyll. Men den fjerde undergruppa er issider og andre søte dessertsidrar der ein har nytta fryseteknikk for å få kraftigare smak, syre og sødme for å balansera denne.

I år toppa issidertypane over dei andre med ulik smakstilsetjing. Dei tre beste i open klasse for profesjonelle vart:

Olav Bleie frå Alde sider

Olav Bleie frå Alde sider

  1. Alde, Nå: Svans

  2. NeRø, Notodden: Issider

  3. Apal, Hjelmeland: Kompani

Ein fantastisk sider uttalar juryen. Svans er ein sider som vert til på halen (svansen) av issider. Eigentleg eit restprodukt som no vert brukt til å utvikla ein ny sider med element av smaksforsterkande fryseteknikk.  Apal sin Kompani er ein rosa sider, og var såleis best av desse med raudleg farge. Mellom dei som var humla, var Aga sideri sin Humlepung best, medan det var heilt jamnt mellom dei med hylleblom.

Det er ofte topp kvalitet òg i amatørklassane. Det er nokon som har siderlegging som ein hyggeleg hobby, og leverer inn ei prøve eller to på tilfeldige flasker. Andre legg stor vekt på flaske og etikett og det ser svært proffesjonelt ut. Nokre av desse har klare mål om å stilla i klassen for proffesjonelle med produksjonsløyve neste år.

Dei tre beste i klassen for tradisjonell sider laga av amatørar var:

  1. Atle Velure, Grimo: Haill

  2. Fiskekameratane, Granvin: Aromasider spontangjæra

  3. Hobbybryggeriet, Odda: Filtrert eplesider

Juryen uttalte at Haill var ein lettdrukken moderne sider. Sideren var levert på boks. Dei to andre merka seg ut med markert lukt og smak, noko ein ofte oppnår når jusen får gjæra spontant.

Jon Terje Jåstad

Jon Terje Jåstad

I openklasse for amatørar fekk desse dei tre fyrste plassane:

  1. Jon Terje Jåstad, Voss: Sider med humle

  2. Hobbybryggeriet, Odda: Sider med bringebær

  3. Hobbybryggeriet, Odda: Sider med humle

Reine fine sidrar, med tydeleg smakstilsetjing. Det kan lett verta for mykje tilsett smak, slik at det døyver siderpreget. Jåstad sin sider var kanskje meir markert med humle enn dei fleste andre i vurderinga, både amatørar og proffesjonelle. Men det vart ikkje for mykje, og domarane sette denne som vinnar. Hobbybryggeriet er mellom dei som leverer svært profesjonelle produkt, men dei har og høg kvalitet.

Anne og Jo Arild frå Sandalen gård

Anne og Jo Arild frå Sandalen gård

Nyskapande, innovativt produkt
Juryen finn og fram til eitt produkt dei vil peika på som særleg spennande. I år gjekk denne prisen til Sandalen gård i Randaberg for sin Experiment X1. Sideren kom i konkurransen for tradisjonell sider for dei med produksjonsløyve på 4. plass. Som alle nyvinningar oppsto denne sideren som eit forsøk på å redda ein sider som ein var litt misnøgd med. Ein blanda ein sider som hadde stått på ein lagringstank og ein ny hurtiggjæra sider. I tillegg til Discovery og Aroma er det blanda inn mindre brukte sortar som Katja og Tohuku to og eit eige eple V174. Kombinasjonen fall i smak hjå juryen. Både lagringa, gjærtypane og eplesortane kan vera viktige faktorar når ein skal etablera dette som ein av sidertypane frå Sandalen gård.

Beste sideren på Siderfestivalen i Øystese
Juryen vurderte dei fire vinnarane opp mot kvarandre, og enda med at i år var festivalen sin beste sider Spildegarden, Øystese: Spilde Aroma 6,5%. I 2020 var ein av amatørane best. I år vart ein av dei profesjonelle med produksjonesløyve vurdert som den beste.

 

Siderkonkurransen i 2020

Vegar Aga vann "Open klasse amatører" med ein sider heilt utanom det vanlege. Innslag av humle. Denne var dommerpanelet så begeistra for at sideren blei kåra til Siderfestivalen sin aller beste sider, uavhengig av klasse.

Vegar Aga vann "Open klasse amatører" med ein sider heilt utanom det vanlege. Innslag av humle. Denne var dommerpanelet så begeistra for at sideren blei kåra til Siderfestivalen sin aller beste sider, uavhengig av klasse.

 

Som i 2019 vart det gjennomført ei sidervurdering under Siderfestivalen i Øystese med diplom til vinnarane i dei fire klassane: tradisjonell sider og open klasse, og begge delt i ein klasse for amatørar og ein klasse for dei som driv salsproduksjon. Det kom inn til vurdering 27 tradisjonelle eplesidrar og 10 produkt i open klasse frå 20 håpefulle amatørar. I klassane for dei som driv siderproduksjon for sal, kom det inn 25 tradisjonelle eplesidrar og 15 produkt i open klasse frå 11 produsentar.

Tal prøver er som tidlegare år, men det er aukande interesse for open klasse med fleire nye produkt.

Ein jury med m.a. Sigmund Vereide (Næringshagen i Hardanger) vurderte amatørklassane. Hanne Frosta (kokk, lokalmat- og drikke entusiast) leia juryen som vurderte proffklassane, og samanlikna desse med dei beste frå amatørklassane. Der var Espen Raknes (kokk), Ingeborg Lindheim (siderprodusent i Gvarv), Rolf Tore Djønne (siderprodusent i Ulvik) og Ingunn Øvsthus (forskar i NIBIO) med. Domarane gav poeng for utsjånad, lukt, smak og ettersmak. Deltakarane får tilbakemelding om poeng (maksimalt oppnåeleg er 125 poeng), plassering og domarane sine kommentarar.   

Vinnarar:

Tradisjonell sider, klasse for amatørar:
1.     Trond Inge Kjerland, Sned’n. 102 poeng
2.     Arnvid Steinstø. Sider 1. 89 poeng
3.     Vivian og Geir Flotve, Filippasider. 86 poeng

Trond Inge Kjerland leverte inn to sidrar som vart nr 1 og 4 i klassen for tradisjonell sider. Begge sidrane var laga av den same jusen med mest Filippa (50%), deretter Håkonseple (30%) og litt Aroma, Ingrid Marie, Raud og Gul prins. Skilnaden låg i sukkermengda som var tilsett. Det kan verta ny interesse for å dyrka Filippa-eple når og Vivian og Geir Flotve sin sider på tredjeplass var laga av Filippa, og på femteplass kom Torgils Sandven med ein rein Filippa sider.

Juryen vurderte Arnvid Steinstø sin sider som den nest beste. Typisk tradisjonell sider, men litt i søtaste laget. Guttorm Inge Fykse som og lagar god gammaldags sider, vart i år nummer 6.

Kjetil Monstad lagar sider av engelske sidereple. Sideren skil seg ut frå den tradisjonelle sideren laga av norske eteeple, men i år vart han nummer ni i konkurransen.

Open klasse, amatør:
1.     Vegard Aga, sider med humle. 97 poeng
2.     Hallfrid Utne Elje, sider med humle. 84 poeng
3.     Ingebjørg Garnes, sider av villeple med urter og litt issider. 75 poeng

Juryen visste ingenting om kva som var tilsett i Vegard Aga sin sider som var levert inn i Open klasse. Sideren hadde så mykje spennande luktar og smak at juryane diskuterte lenge om det var både hyll og humle. Hallfrid Utne Elje sin liknande sider var meir lettkjenneleg sider med humle. I Open klasse for proffane vart det levert inn to sidrar med humle. I år hadde amatørane klart betre sider med humle enn proffane. Både Hallfrid og Vegard leverte og inn tradisjonell sider. Gode sidrar som vart nummer 7 (Hallfrid Utne Elje) og 8 (Vegard Aga). 

Mange amatørar eksperimenterer med ulike eplesortar, tilsetjingar og metodar. Ingebjørg Garnes hadde levert inn eit produkt med sider av villeple, med urter og litt issider. Juryen likte fantasien, at det var eit villeple i flaska, men at det var rom for å forbetra sjølve sideren.

Elles vurderte juryen to pæresidrar, ein plommesider og ein sider med mjød. Dei nådde ikkje opp i samanlikning med dei eplebaserte produkta. Dersom det var litt fleire deltakarar, burde det vera eigne klassar for pæresider og fruktvin av t.d. plomme.

Tradisjonell sider, klasse for produsentar med tilverkings- og salsløyve
1. Hardanger Saft og Siderfabrikk, Dronningsider. 96 poeng
2. Spildegarden, Aromasider 6,5%. 94 poeng
3. Hardanger Saft og Siderfabrikk, Sprudlande. 94 poeng

Det er mykje god sider i fjorden, og alle prøvene kom i år frå Hardanger. Ved fyrste augnekast, lukting og smaking, kan mange likna kvarandre. Det er mykje lys, perlande, litt søtleg sider, men med frisk syre og rein eplelukt og smak. Dronningsider er kraftig sprudlande, men merka seg ut som ein svært rein sider med tydeleg syre. På plassane frå 2 til 6 var det svært jamt. Etter å ha vurdert desse i høve til kvarandre enda det med at Spildegarden sin Aromasider 6,5% vart nr 2, Hardanger Saft og Siderfabrikk sin Hardangersider Sprudlande vart nr. 3. Deretter fylgde Sjuragarden sin Discoverysider, Ulvik Frukt & Cideri sin Hakastadsider Tradisjonell og Alvavoll Frukt og Sidergard vart nr 6 med sideren Espe-Knut.

På dei næraste plassane fylgde nyare siderprodusentar som Kvestad Sideri (1808) og Stora Nao Siderkompani (57/2), og fleire produkt frå dei gode gamle produsentane. 

Open klasse for produsentar med tilverkings- og salsløyve:
1.     Olav Bleie, Alde sider med issider «hale». 105 poeng
2.     Spildegarden, Spilde Raud (sider med bringebær). 101 poeng
3.     Lindheim, Malus dolgo (blanding av sider av prydeple og pæresider av gråpære). 98 poeng

Det er vanskeleg for domarane å samanlikna produkta i openklasse. I år vart det innlevert fem sidrar tilsett raude bær, og sju andre med smak frå hylleblomst, humle og andre frukter. Det var tre produkt der det var nytta frysekonsentrering for å heva smaken. Domarane ynskjer at ein til neste år har ein eigen klasse for søte dessertsidrar, og ein klasse for smakstilsette sidrar. Men den dyktige juryen vurderte at det (tilfeldigvis i år) vart eit produkt frå kvar av desse «klassane» som kom topp-3.

Frysekonsentrering er ein spennande teknikk for å få kraftigare smak i fruktdrikke. Det er metoden ein nyttar for å laga issider, og det kan brukast i kombinasjon med vanleg siderproduksjon. Olav Bleie hadde laga ein slik sider med noko frysekonsentrert sider som domarane vurderte som svært vellukka, og gav det førsteplass. Både Alde og Edel hadde levert til vurdering kvar sin issider. Dei fekk like mange poeng, men i ei rein samanlikning vurderte juryen Alde issider for ein tanke meir spennande enn Edel Issider. Dei kom som nr 4 og 5 i Open klasse.

Spilde Raud som vart nummer to i vurderinga, er ein sider der bringebæra fått gjæra med eplejusen frå starten av. Det gjev meir siderkarakter, og ikkje eit så tydeleg smak av friske bringebær eller bringebærdrops. Det var og prøver med solbær, jordbær og rips. Det var elles liten skilnad mellom sidrane med hylleblomst og humle.

Me tok inn i vurderinga 4 prøver frå Lindheim Ølkompani sjølv om ein av domarane ikkje var heilt objektiv i vurderinga av desse. Dei fire andre domarane gav Malus Dolgo meir poeng enn Ingeborg, så det var ein vel fortent tredjeplass, og eit eksempel på utradisjonell blanding av prydeplesider og pæresider.

Mest nytenkande produkt
Alvavoll Frukt og Sidergard: Espe-Knut

Me ville gjerne gje ekstra merksemd til eit spennande nytt produkt. Juryen vald å gje eit diplom til Espe-Knut sjølv om det er kjende metodar som er brukt for å få ein særeigen smak. Dette er ein sider der ein har lagt til rette for malolaktisk gjæring (ei bakteriell omdanning av eplesyre til mjølkesyre dersom ein aukar temperaturen mot slutten av soppgjæringa) og deretter lagra det på brennevinstønne. Det gav sideren uventa spennande lukt og smak (vanilje, sopp, blomster) som kan vera særleg interessant i fylgje til mat. Sideren var ein av dei få stille sidrane (utan bobler), noko domarane sette pris på.

Festivalens beste sider
Vegard Aga sin Sider med humle (Open Klasse amatør).

Juryen samanlikna vinnarane i kvar klasse i ei eiga vurdering til slutt. Det var ikkje noko sjølvsagt val, men det sto til slutt mellom produkta i Open Klasse. Denne gongen var det amatørsideren med humle som vann.


Siderkonkurransen 2019

Ola Fjerdingen (amatørklassa) og Geir Henning Spilde (profesjonell klasse) vann begge Open klasse for sidrar tilsette bringebær.

Ola Fjerdingen (amatørklassa) og Geir Henning Spilde (profesjonell klasse) vann begge Open klasse for sidrar tilsette bringebær.


HØGT NIVÅ OG TETT KONKURRANSE

Interessa for sider har nærmast eksplodert dei siste åra; både for å laga sjølv, eller for å nyta dei mange sidrane som no er å få kjøpt heime hjå siderprodusentane, på skjenkjestader eller hjå Vinmonopolet. Siderfestivalen i Øystese tilbyr alle produsentar, amatørar og profesjonelle, å få sideren sin vurdert av ein fagjury. Juryen gjev poeng for utsjånad, lukt, smak og ettersmak. Å levera prøver til siderkonkurransen skal vera lærerikt for siderprodusentane. Så alle som har levert inn prøver til Siderfestivalen, får tilbakemelding om kor mange poeng sideren deira har fått for dei ulike faktorane, gjennomsnittet for samanliknbare prøver og kva som var bra med sideren og kva som eventuelt kan verta betre neste år.

I år kom det inn 74 prøver. Av desse var 61 prøver av tradisjonell sider; 38 frå amatørar og 23 frå profesjonelle produsentar med statleg eller kommunalt løyve for produksjon og sal av sider. I open klasse var det 13 prøver; 6 frå amatørar og 7 frå profesjonelle siderprodusentar. Dei fleste av desse var sider med ulike former for smakstilsetjing. Det var 39 siderprodusentar som hadde levert inn prøver.

Med så mange prøver måtte fyrst ein jury med lang røynsle i sidervurdering ha ei eiga vurdering av amatørprøvene. Dei valde ut det dei vurderte som dei beste produkta i denne klassen. Heile fredagen og laurdag føremiddag smaka ein annan jury seg gjennom 46 prøver i dei ulike klassane. Alle dømingane vart gjort som blindtestar der domarane ikkje visste noko om kven hadde laga produktet, og kva det var laga av. I denne juryen sat Hanne Frosta (leiar), Thomas Digervold («Fest i kjeften»), Monika Wessel (tidl innkjøpsansvarleg i Vinmonopolet), Kjetil Widding (Siderklynga/Utne hotell) og Marianne Hotle (NIBIO).

TRADISJONELL SIDER

72600024_1562587807214509_2617404798768513024_n.jpg

Juryen var imponert over det høge nivået og den tette konkurransen. I klassen for tradisjonell sider var dei aller fleste prøvene frå Hardanger. Alle hadde høg kvalitet, om enn laga av ulike eplesortar og med litt ulike stilar. Dei tre beste i år var:

  1. Åkre gard v/ Arita og Gjermund Åkre for Edel Eplesider 6,5%

  2. Sjuragarden v/ Jarand Mo Dalatun for Aromasider

  3. Ekspedisjonen v/ Fredrik Opedal for Skrikjo

Det er hyggeleg at nye produsentar kjem mellom dei beste. Men på rekkje og rad bak desse tre kom dei gode gamle(?) produsentane i Ulvik, Aga og Vikebygd, og fleire andre nye produsentar.         

I klassen for amatørar vert desse tre sidrane vurdert som dei beste:

  1. Silje van Hoek for ein lys og mild sider

  2. Terje og Elias Bleie for ein sider med bobler

  3. Jon Eivind Skurtveit for sider laga av 75% Aroma og 25% Discovery

Juryen vurderte alle desse tre som så gode at dei ville hevda seg godt samanlikna med dei ein kan få kjøpa frå profesjonelle siderprodusentar. Silje van Hoek var mellom dei beste i 2018, og gjekk heilt til topps i år. Terje og Elias Bleie er røynde siderprodusentar medan Jon Eivind Skurtveit er fersk i faget. Dei var mellom dei mange nye deltakarane i år. Gamle heltar som Frøland, Lysen og Fykse var ikkje mellom topp tre i år, men dei hadde alle levert god sider som kom tett opp til dei beste. Dei fleste deltakarane kjem naturleg nok frå Hardanger, men det er og spreidde deltakarar frå andre deler av landet.

OPEN KLASSE

Dei fleste prøvene i open klasse var eplesider med smakstilsetjing av t.d. bringebær eller humle. Andre sidrar var tilsett honning eller på anna vis gjort ekstra søte og smaksrike (dessertsider) med ulike metodar. Av nye produkt i år var ein sider med moreller frå Hardanger Saft og Siderfabrikk kalla Hardanger Draum. Det er vanskeleg å vurdera opp mot kvarandre dei ulike produkta i denne klassen, men alle sju produkta fekk god omtale og det var få poeng som skilde dei. I open klassen for dei profesjonelle var dei tre beste:

  1. Spildegarden v/ Jane og Geir Henning Spilde for Spilde Raud, eplesider med bringebær

  2. Åkre gard v/ Arita og Gjermund Åkre for Edel Sider 12, sider der smaken er konsentrert med frysing

  3. Hardanger Saft og Siderfabrikk v/ Nils Lekve for Humlesider

I amatørklassen vart desse premiert:

  1. Ola Fjerdingen med ein «sider» basert på bringebær

  2. Åsmund Kristiansen med ein eplesider med eldkvede

Juryen og me som arbeider med denne konkurransen set pris på alle tilbakemeldingar om korleis me kan verta endå betre. Mange er medvitne på at me må verna om sidertradisjonen i Hardanger, og halda på ein eigen klasse for tradisjonell sider. Men samstundes styrkjer det interessa og omdømet til sideren at det kjem nye innovative produkt.

Me ynskjer alle deltakarane lukke til med siderproduksjonen i haust og vinter, og ynskjer dei velkomne til å levera inn prøver til ny sidervurdering og konkurranse under Siderfestivalen 2020.

JoarAga_vinnar2018.jpg
Asbjørm med diplom.jpg

Siderkonkurransen 2018: Aga, Aga…..

I år kom det inn 55 prøver til vurdering i konkurransen; 27 prøver frå 18 produsentar i amatørklassen, 22 prøver frå 10 produsentar i klassen for dei profesjonelle  og 6 i den nye opne klassen. Domarane var svært oppglødde over den høge kvaliteten i alle klassane.

Aga/Nå vann amatørklassen
Vinnar i klassen for amatørar vart Bjarne Aga og Asbjørn Nå med 76 av 100 moglege poeng. Sideren var ein typisk sider frå Hardanger. Han fekk særleg høge poeng for utsjånad og ettersmak, men var og mellom dei beste på lukt og smak. Dette var ein sideren laga på eplesaftkonsentrat.

På dei neste plassane fylgde Sondre Sandven (Gravenstein) og Silje van Hoek (Aroma og Gravenstein). Ho hadde ein prøve til i finalen, og som vanleg hadde Helge Frøland ein sider i finalen (av Aroma). Silje van Hoek sine sidrar var lyse, lette sidrar. Helge Frøland lagar meir tradisjonell Hardangersider, og dei fyrste som var nær finalen (Eirik Nå Aga, Are Opstad Sæbø og Guttorm Inge Fykse) var og typiske eksempel på røffare sider.  

Aga sideri vann klassen for profesjonelle    
På Siderfestivalen i 2017 vann Joar Aga klassen for amatørar. Han har starta opp Aga sideri og no vann han klassen for dei profesjonelle. Som næraste nabo til Agatunet har han kalla sideren for Lagmann sider. Det er ein elegant typisk Hardangersider, og juryen diskuterte særleg den blomeaktige lukten. Det er tilsett gjær, og kanskje er det Joar sitt val av gjær som gjorde at sideren merka seg ut. Sideren fekk 79,5 poeng. Lagmannen fekk eitt poeng mindre enn Aga/Nå sin konsentratbaserte sider for utsjånad. Men elles var Lagmannen betre på lukt, smak og ettersmak enn vinnaren i amatørklassen. Så Lagmann sider var samla sett vurdert som den beste sideren i konkurransen i år.

Edel 4,7% alkohol sider vart nummer to. Fleire prøver og det er interesse i marknaden for ein slik sider som kan seljast i butikkar på linje med øl. Men det er ei utfordring å få kraftig nok smak i lågalkoholsider når ein nyttar milde norske eple. Det er fyrste gongen at ein slik lågalkoholsider har kome til finalen og vorte vurdert som ein av dei beste sidrane i konkurransen. Han merka seg ut med fin utsjånad og god lukt.

Hardanger Saft og Siderfabrikk vart nummer tre i finalen med den litt tørrare varianten Kvasshovden. Dei hadde tre andre sidrar i finalen som vart 4, 5 og 6. På 7. plass kom Ulvik Frukt & Cideri sin Gamal Tradisjon still sider.

Og sakna du nokon i finalen? Rett utanom finalen kom Edel sider 12% alkohol, Alde sider, Lotherus, Kvitanesen (som vann i 2018) og Spilde Aroma.   

Ulvik Frukt & Cideri sin Hylleblomsider vann open klasse
Open klasse var tenkt for sider med ulike råvarer, tilsetjingar og produsksjonsmetodar. Det kom inn 6  prøver laga av eple, bringebær, hyll, humle og druer. Fire prøver, alle frå komersielle sideri, vart vurdert av finalejuryen. Vinnar var Hylleblomsider frå Ulvik Frukt og Cideri. Mange likar hyll lukt og smak saman med eple. Hylleblomsideren er ein søt type. Aga sideri vart nummer to i open klasse med ein sider tilsett humle. Dei to raude sidrane Edel Rosé og Spilde Raud, begge tilsett bringebær, vart 3 og 4 i open klasse. Dei har mange fellestrekk, men Edel Rosé kjennest noko søtare enn Spilde Raud.

Eigne klassar for tørr og søt sider neste år?
Me får mange innspel frå både dei som lagar og dei som drikk sider for å gjera siderkonkurransen betre. Når ein vil bruka sider som fylgje til mat, høver ofte litt tørrare typar betre. Men det er kjent at i slike konkurransar får gjerne dei litt søte typane meir poeng enn dei tørrare typane. Så for å trekkja dei tørrare og ofte vinaktige typane meir fram, kan det vera rett å ha desse i ein eigen klasse.

Når mangfaldet aukar med den store interessa for sider, er det i tillegg til å dela i klassar tørr, medium og søt sider mogleg å dela i t.d. still og perlande eller låg-medium-høgt alkoholinnhald. Og framleis saknar mange tradisjonsbunde hardingar (og andre) ein godt oksidert, røff sider med «kjellarsmak». Dei kommersielle sidrane i marknaden er ofte lite oksiderte, søte og med bobler. Som ein sa: Skal eg få skikkeleg sider, må eg laga han sjølv. Kva med ein eigen klasse for godt oksiderte, røffe sidrar?

Så får me sjå korleis sidrane og siderkonkurransen utviklar seg til neste år. Fleire sidrar utan bobler? Fleire tørrare sidrar? Mindre oksiderte vinaktige sidrar eller meir oksiderte røffare typar? Pæresider eller sider med pære, plomme….? Tynnelagra? 5 år eller eldre årgangssider?

Profesjonell klasse 2017

Vinner Asbjørn Børsheim Ulvik Frukt & Cideri. Fotograf Siderfestivalen

Vinner Asbjørn Børsheim Ulvik Frukt & Cideri. Fotograf Siderfestivalen

Årets siderkonkurransen stadfesta at kvaliteten på marknadsførd norsk sider held høg kvalitet. Det var 20 prøver frå 4 velkjende produsentar og to nykomarar. Geografisk er det to frå Ulvik, to frå Ullensvang, ein frå Kvam og ein frå Sandefjord! 

Etter to år med vinnarar frå Vikebygd (Ullensvang), var det i år Ulvik som tok alle plassane i finalen. Det var Asbjørn Børsheim (Ulvik Frukt & Cideri) og Nils Lekve (Hardanger Saft og Siderfabrikk) som hadde 3 prøver kvar i finalen. Det var svært jamt mellom Kvitanesen Poesider frå Ulvik Frukt & Cideri og Jøkulen frå Hardanger Saft og Siderfabrikk, men finalejuryen  peika ut Kvitanesen Poesider til vinnar i 2017. Hardanger Saft og Siderfabrikk fekk både andre og tredje plass med Jøkulen og Hardangersider Sprudlande.

Kvitanesen sider er laga av jus frå Discoveryeple, medan Hardanger Saft og Siderfabrikk sine siderar er blandingssider med Summerred, Gravenstein og Aroma. Alle desse er laga med naturleg spontan gjæring med vill gjær.

Jøkulen er ein lett sider med litt mindre sprudling enn dei tradisjonelle typane frå Lekve; Sprudlande og Kvasshovden. 

Amatørklasse 2017

Ofte er det stor variasjon i amatørklassen, men i år var det berre hyggeleg for juryen å smaka seg gjennom dei 20 prøvene som var komne inn frå 13 deltakarar. Som vanleg tok ein lokal jury seg av grovsilinga. Dei plukka ut i blindtestar 6 siderar. Det viste seg at det var 5 siderar frå erfarne siderkonkurransedeltakar (alle tidlegare vinnarar!) og ein frå ein siderkonkurransedebutant. 

Då finalejuryen hadde smaka seg gjennom dei seks finalesiderane var dei samstemde i at debutanten sin sider var best. Han fekk og høgast poeng av grovsilingsjuryen, så det var ingen tvil om at årets vinnar av amatørklassen i siderkonkurransen var Joar Aga frå Aga (Ullensvang).

På andre plass fylgde fjorårets vinnar Helge Frøland, Vikøy med ein sider med Bramley seedling eple, og på tredje plass Magne Lysen, Tørvikbygd. Dei tre andre i finalen var Arnvid Steinstø og to andre siderar frå Helge Frøland av Elstar og Aroma.

Kvammasiderane utgjorde halvparten (10 prøver), 3 var frå Ullensvang (alle frå Vestsida), 2 frå Eidfjord, ein vossing , ein bergensar og tre frå Telemark. 

Eigen klasse for andre siderbaserte produkt?

Tre produkt som var levert inn til konkurransen,  fekk juryen til å diskutera kva som skal vera typisk sider frå Hardanger. I konkurransen har ein nytta reglane for «Sider frå Hardanger» som definisjon av sider. Sider laga av eplekonsentrat har t.d. ikkje vore akseptert.

Det vart levert inn ein Rosèsider frå Åkre Gard i Vikebygd.  Arita og Gjermund Åkre har blanda inn litt bringebær og fått ein fint raudleg sider. Alle var samde om at han såg fin ut, men lukt og smak var mindre imponerande.

Ulvik Frukt & Cideri leverte inn sin sider med hylleblom. Grovsilingsjuryen ville ha plassert denne i finalen. Finalejuryen vurderte det og som eit godt produkt (t.d. til dessertar), men ikkje mellom dei beste.

Åkre gard hadde og ein sider der ein med frysing hadde fjerna vatn og slik fått ein meir konsentrert lukt og smak. Denne hadde heile 12% alkohol. Grovsilingsjuryen plasserte denne rett utanfor finalen på 7. plass. Finalejuryen meinte dette var den beste av dei tre siderane med ekstra konsentrering eller smakstilsetjing.

Finalejuryen fekk vurdera desse tre produkta saman med dei andre tradisjonelle siderane. Edel sider med frysekonsentrering 12% alkohol vurderte finalejuryen som det tredje beste produktet i konkurransen i år. Juryen meiner ein bør ha ein eigen klasse for slike siderbaserte produkt.   

Sidan det ikkje var ei eigen klasse i år, gav juryen ei lita gåve til Arita og Gjermund Åkre. Takk for gode idear og spennande produkt, og velkomen attende til open klasse neste år.

vinnar2016

Aldesider frå Bleie Gard vann siderkonkurransen 2016

Siderkonkurranse i Øystese 8. oktober 2016:

Det var levert inn 16 sidertypar frå dei profesjonelle siderprodusentane til siderkonkurransen under Siderfestivalen i Øystese. I år var alle prøvene frå Hardanger. 6 håpefulle amatørar hadde levert inn i alt 9 ulike typar til vurdering, og her var det prøver frå aust og vest.

I klassen for dei profesjonelle fekk Ulvik Frukt & Cideri sin Hakastadsider Gravenstein 2015, Ekspedisjonen bryggeri (Lofthus) sin Skrikjosider, Edel frå Åkre Gard, Cider med naturleg kolsyre frå Hardanger Cideri og Trolltungasider frå Hardanger Saft- og Siderfabrikk (Ulvik) god omtale, men kom ikkje med i finalen med dei fem siderane juryen tykte best om. I finalen fekk Hardanger Saft- og Siderfabrikk 5. og 4. plassen med Sprudlande sider og Dronningsider. Topp tre vart:

  1. Alde, Bleie Gard (Nå)

  2. Cidereple, Hardanger Cideri (Jåstad)

  3. Kvitanesen - poesider, Ulvik Frukt & Cideri

Alle dei innleverte typane var gode, og gode representantar for siderproduksjonen i Hardanger. Men nokre hadde det vesle ekstra som gjorde at dei merka seg ut for denne juryen. Vinnaren er ein typisk sider frå Hardanger, halvturr, og høver godt både som fylgje til mat og som forfrisking.

Hardanger cideri sin sider av cidereple er ein heilt annleis sidertype, og medførde sterke diskusjonar i juryen. Dei typiske siderepla er meir bitre enn epla som er dyrka for frisk konsum, og som me har tradisjon for å bruka til sider i Hardanger. Sideren av cidereple minna meir om sideren dei produserer sør-vest i England. Då vart det ivrig diskusjon om kva som skal vera særmerket for sider frå Hardanger, og kor langt me skal gå med å bruka bitre sidereple me tidlegare ikkje dyrka i Hardanger. Konkurransen i år stadfesta elles at Discovery er eit godt eple til siderproduksjon.

I amatørklassen vann Helge Frøland med sin sider av Summerred og Gravenstein. «Ein kraftfull og god sider» meinte domarpanelet. Geir Inge Knutsen fekk heiderleg omtale for sin sider, og nær finaleplass. Men dei tre som gjekk til finalen var alle laga av var Helge Frøland. Aromasideren vart nummer to og den reine Gravensteinsideren vart rangert som nummer tre.

Fleire av siderprøvene frå amatørane var på fine flasker med flotte etikettar. Men innhaldet sto ikkje alltid i stil med det fine ytre. Ein hadde prøvd å få ettergjæring på flaska og sprudling som champagne, men produktet fall ikkje i smak hjå juryen. Vinnarsideren vart levert i ei plastflaske med skrukork.

Juryen var i år sett saman av personar med bakgrunn i restaurantar i Bergen, og med sterk interesse for lokale alkoholhaldige drikkevarer, om det så er øl eller sider. Deltakarane i juryen var Hanne Frosta Frosta -lokalmatcoach, Chris Chapman – kjøkensjef på Pingvinen, Ørjan Setvik – ølsommelier på Bien Bar og Øystein Ellingsen – kjøkensjef på Bare Vestland. Eivind Vangdal, Nibio Ullensvang, hadde ansvaret for at døminga gjekk rett og rettferdig føre seg.