Program
Program 2026
Fleire arrangement kjem etter kvart. Arrangement vert lagt ut på Facebook-sida vår.
Fredag 2. oktober
16:00–19:00 – Siderleggingskurs med Eivind Vangdal
Spildegarden. Påmelding 906 28 035. Kursavgift kr 600
18:00–20:30 – Sidersmaking med Christer Økland
Me smakar oss gjennom dei ulike typane Hardangersider. Me tek utgangspunkt i nemninga “Hardangersider” og tek med oss historikken og geografien. Velkomen til fagleg påfyll og ein lettbeint kveld.
Skummesalen i Mathuset. Kr 650
Billettar på TicketCo
21:00–24.00 – Open sider- og ølpub i Skummesalen
Laurdag 3. oktober
10:00–15:00 – Stor lokalmatmarknad
Marknadsområdet
11:00–16:00 – Kabuso har ope hus
Kafé (med m.a. sider og eplekake), gåvebutikk og utstillinga Bøygd.
Hardanger Skyspace har visningar laurdag kl 06:57 og 19:09.
Billettar kan kjøpast her: https://billett.hardangerogvossmuseum.no/
11:30–16:00 – Skjenkeområdet er ope
Finn din siderfavoritt! Produsentane byr på eit stort utval sidrar.
13:00 – Koret Tilslørte bondepiker opptrer ved scena
14:00 – SIDERKONKURRANSE for amatørar
Finaledømming og premiering live frå scena! Dommarpanel med Hanne Frosta i spissen. Leia av Eivind Vangdal.
Marknadsområdet - scena
14:45 – Øystese musikklag spelar på marknadsområdet
15:30 – Mord, mysterium og sider
Møt teamet bak «Mord i Sogn» frå Nordisk Film
17.30–22:30 – Sider & mathall i Mathuset.
Meir informasjon kjem
18:30 – Sidermiddag på Hardangerfjord Hotel
Sognefjorden møter Hardangerfjorden. Ølmheim siderhage kjem og viser fram noko av det beste Sognefjorden har å by på, medan Haust sideri representerer Hardangerfjorden.
Kr 1400,- pr.pers inkludert siderpakke
Kr 1200,- om du ynskjer alkoholfri drikke
Aperitiff frå kl. 18:30. 4-retters middag startar kl. 19:00
Påmelding via lenke som kjem på Facebook.
22.00 The Crew spelar i Holmatun
22:00–01.00 – Open sider- og ølpub i Skummesalen
