Forside-innlegg

Takk for ein herleg Siderfestival!

Etter kjapp oppsummering takkar den nye nemnda for at alle utstillarar, siderkonkurransedeltakarar, musikarar, frivillige og vêrgudane for at den tiande Siderfestivalen gjekk særs bra! Publikumsoversynet syner at me har hatt 1825 gjester på dei ulike arrangementa i helga: estimert 1000 deltakarar på marknaden, nærare 500 på festen laurdag kveld og resten jamt fordelt på dei resterande arrangementa.

Strålande sol over bidraga til årets siderkonkurranse

Strålande sol over bidraga til årets siderkonkurranse

Det økonomiske resultatet ser ut til å gå i pluss, noko som må seiast å vera svært positivt sett i betraktning dei endringane som vart gjort og raset i Tokagjelet. Det var noko spennande å flytta heile området ned på hotellbøen framfor å ha det ved Tunet. Heldigvis har butikkane der oppe gjeve tilbakemelding om god publikumsflyt.

Fleire av dei involverte aktørane på årets festival har formidla at dei ynskjer å bidra til vidare utvikling av Siderfestivalen det komande året. Nemnda er lydhøyre for innspel og vil gjerne ha meir av både ris og ros.

No er det berre å leggja ny sider og så snakkast me om eit lite år!