Då er det berre å knusa sparegrisen og hiva seg rundt og sikra seg billett. Ta turen til Essoen i Norheimsund og i Øystese, Sutalaus og Hardangerfjord hotell. Dette blir ein skikkeleg haustfest!
Forside-innlegg
Spesialtransport for hyttefolk på Kvamskogen
Grunna raset i Tokagjelet har det verka vanskeleg for hyttefolket på Kvamskogen og koma seg på siderfestival til helga. Fleire av dei har teke kontakt med festivalleiinga. Og no vert det råd med den saka! Ein tek til fots frå Byrkjesete og endar opp i Steinsdalen der eplesaft og minibuss ventar. A.K. Glück-Teigland skal syta for merking av vegen: - Dette er på mange måtar ei vidareføring av den gamle tradisjonen med siderruter så som dei hadde lenger inne i fjorden. Her gjekk folk frå Folkedal til Bordalen og bytte sider mot salt, seier Glück-Teigland. Og med det strålande vêrmeldingar bør ikkje den 45 minuttars lange turen vera anna enn både ei oppleving og ein fin trimtur.
Minibussane går frå Liabrekko kl 10, 10.30, 11 og 11.30 og tilbake frå drosjehaldeplassen i Øystese kl 16. På returen køyrer ikkje minibussane opp grusvegen, til info. Om noko blir klure, ring drosjen på 56552525.
Hugsa å levert siderprøvar?
Fredag 4. oktober er innleveringsfristen for deg som har tenkt å kniva om å kunna skryta på seg den beste sideren i Hardanger. I år har me to kategoriar, ein for amatørar og ein for profesjonelle. Juryen er no på plass og består av:
Hanne Frosta (Hanne på Høyden)
Christopher Haatuft (Lysverket)
VIdar Klausen (Vinhuset)
Anders Horn (Thon Hotel Sandven)
Utdelinga skjer i Øystese laurdag 12. oktober!
Heilt i orden å vera i siste liten med levering, du kan lesa meir her http://siderfestival.no/siderkonkurranse/ for å få meir informasjon om korleis du går fram.
Siderfestivalen i finstasen!
Hardingane har enormt gode produkt å by på, det har me alltid visst – flotte, blanke eple, fargerike plommer og knasande pærer. Siderfestivalen bugnar av bodar og standar, og for å verkeleg få fram alle desse kvalitetsfruktane, så oppmodar me alle utstillarane om å leggja seg i selen og verkeleg fronta kva de har å by på. Dette skal vera ei festhelg for både bymann og bonde – ver med på å setja festpreg, du òg! Berre fantasien set grenser her. Det vert ei uhøgtidleg kåring av beste stand laurdag 12. oktober.
