Forside-innlegg

Noregs beste sider er kåra!

Dette året har me innført to kategoriar, ein for profesjonell og ein for amatør. Juryen blindtesta 26 ulike siderar frå tilsaman 16 produsentar og kom etter nøye vurderingar fram til klåre sigrar: Nils Lekve frå Hardanger Saft og Siderfabrikk vann nok ein gong med sin ”Sprudlande”-sider, no i klassa profesjonell. Amatørklassa vart vunnen av Reidar Skogheim frå Seljord (biletet). Juryen bestod av Hanne Frosta (Hanne på Høyden), Fredrik Saroea (Lysverket/Datarock), Vidar Klausen (Vinhuset) og Anders Horn (Thon Hotel Sandven) og hadde dette å sei om vinnarsiderane:

Om Nils Lekve sin Hardangersider Sprudlande: ”Fin, klar, gul farge, fantastiske bobler som lever i glasset, dufter av modne epler, delikat i munnen, god balanse mellom syre og sødme, frisk tørr avslutning med lang ettersmak. Passer godt som apertif og til mat.”

Om Reidar Skogheim sin ”heimesider”: ”Fin, klar, dyp farge, bra bobler, modne epler på smak, frisk duft og behagelig i munnen.”

Her er palleplassane:

Profesjonell:

Nr 1. Hardanger Saft og Siderfabrikk, Nils Lekve – Hardangersider Sprudlande

Nr 2. Hardanger Saft og Siderfabrikk, Nils Lekve – Hardangersider Tradisjonell

Nr 3. Hardanger Cideri, Sjur Jaastad

Amatør:

Nr 1. Reidar Skogheim

Nr 2. Helge Frøland

Nr 3. Gerd Lysen/ Andreas Østlund (delt)

Godsaker på laurdagsmarknaden!

Godt over tredve bodar vert sett opp i finvêret på laurdag slik at du kan kosa deg til helga. Potekaker di greie? Kva med heimelaga iskrem? Eller kanskje du treng nytt verkty?  I tillegg til epler og frukt i alle retningar, så bugnar det av ymse godsaker. Marknads- og festivalområdet er flytta over på hi sio av vegen, nærare bestemt området mellom hotellet og kyrkjegarden.

Marknadsprogram:
Kl 1000   Marknaden opnar
Kl 12
00   Danseframsyning med Janes danseskule
Kl 1300   Rapframføring rappeskule
Kl 1330   Christine Sandtorv
Kl 1400   Side Brok gjev ein smakebit på kvelden...
Kl 1430   Finale i Sidertevlinga

Klikk her for å sjå oversikt på utstillarane: http://siderfestival.no/om-oss/

Billettsalet er i gang!

Då er det berre å knusa sparegrisen og hiva seg rundt og sikra seg billett. Ta turen til Essoen i Norheimsund og i Øystese, Sutalaus og Hardangerfjord hotell. Dette blir ein skikkeleg haustfest!

Spesialtransport for hyttefolk på Kvamskogen

Grunna raset i Tokagjelet har det verka vanskeleg for hyttefolket på Kvamskogen og koma seg på siderfestival til helga. Fleire av dei har teke kontakt med festivalleiinga. Og no vert det råd med den saka! Ein tek til fots frå Byrkjesete og endar opp i Steinsdalen der eplesaft og minibuss ventar. A.K. Glück-Teigland skal syta for merking av vegen: - Dette er på mange måtar ei vidareføring av den gamle tradisjonen med siderruter så som dei hadde lenger inne i fjorden. Her gjekk folk frå Folkedal til Bordalen og bytte sider mot salt, seier Glück-Teigland. Og med det strålande vêrmeldingar bør ikkje den 45 minuttars lange turen vera anna enn både ei oppleving og ein fin trimtur.

Minibussane går frå Liabrekko kl 10, 10.30, 11 og 11.30 og tilbake frå drosjehaldeplassen i Øystese kl 16. På returen køyrer ikkje minibussane opp grusvegen, til info. Om noko blir klure, ring drosjen på 56552525.