Forside-innlegg

Hugsa å levert siderprøvar?

Fredag 4. oktober er innleveringsfristen for deg som har tenkt å kniva om å kunna skryta på seg den beste sideren i Hardanger. I år har me to kategoriar, ein for amatørar og ein for profesjonelle. Juryen er no på plass og består av:
Hanne Frosta (Hanne på Høyden) 
Christopher Haatuft (Lysverket)
VIdar Klausen (Vinhuset) 
Anders Horn (Thon Hotel Sandven)

Utdelinga skjer i Øystese laurdag 12. oktober!

Heilt i orden å vera i siste liten med levering, du kan lesa meir her http://siderfestival.no/siderkonkurranse/ for å få meir informasjon om korleis du går fram. 

Siderfestivalen i finstasen!

fruktmannen.jpg

Hardingane har enormt gode produkt å by på, det har me alltid visst – flotte, blanke eple, fargerike plommer og knasande pærer. Siderfestivalen bugnar av bodar og  standar, og for å verkeleg få fram alle desse kvalitetsfruktane, så oppmodar me alle utstillarane om å leggja seg i selen og verkeleg fronta kva de har å by på. Dette skal vera ei festhelg for både bymann og bonde – ver med på å setja festpreg, du òg! Berre fantasien set grenser her. Det vert ei uhøgtidleg kåring av beste stand laurdag 12. oktober.

Årets program!

siderbedømming_tina.jpg

Då er det berre å gle seg – fire dagar til ende kan du få med deg frukt og sider i alle slags variantar. Me startar opp på Kvam bygdemuseum – Storeteigen med eplekino og eplekrig. Lurar du kva dette går i, er nok beste måten å finna ut ved å stilla. Utover helga kjem det til å vera ulike interessante føredrag, mellom anna om kva maten gjer med oss og me med den. På Øvreviken fredag kveld må du få med deg sidersymposiet fyrst og påfylgjande siderquiz og dans. Laurdag fylgjer det eine etter det andre både for dei minste, dei i midten og dei store. Ikkje gå glipp av rappekurs med Runar frå Side Brok! Og Kl 14.30 blir beste sideren kåra! Så tek det til med siderføredrag på hotellet kl 18 og musikk og dans og moro utover natta. Du får deg sjølvsagt opp i skapeleg tid på sundagen for å få med deg fruktløypa frå Storeteigen til Spildegarden. Klikk deg inn på programmet for nøyaktige tidspunkt og lik sida vår på Facebook!