Under Siderfestivalen vil Eivind Vangdal halda 3 timars siderkurs med smaking både fredag 07. og laurdag 08. oktober kl 16–19 på Spildegarden. Tema er m.a. kva eple ein bør bruka, kva utstyr ein treng og korleis ein fylgjer og styrer gjæringa fram til ferdig produkt.
Kurset krev lite forkunnskap og høver for amatørar som vil laga betre sider. Men det har vore nytta som forkurs for dei som vurderer å satsa på sider, anten med produksjon eller bruk i eiga verksemd.
Kursavgifta er 600 kr og dekkar 3 timar undervisning, smaking av fire sidrar og ein får presentasjonane frå kurset som e-filer).
Påmelding til eivind.vangdal@kvamnet.no eller SMS til 906 28 035.