Arbeidet med årets festival er godt i gang – me gler oss! I år kan dei siderglade gjestene våre sjå fram til å møta gutane bak Siderpodden - dei vil vera den raude tråden vår under festivaldagane. Begge har nyleg fått tittelen Pommelier då dei bestod eksamen i London i år.
Kasper Wrem Anderson er restaurantsjef på Siderhuset Ola K på Nå. Thor Oddvar Havn er sommelier på Stord Hotell.
Siderpodden er ein podcast om sider frå Hardanger. Gutane ønsker å dela kunnskapen deira om sider og å gjera folk oppmerksame på den gode kvaliteten og det store bruksområdet til norsk sider.
Me er i gong med å setja saman eit program til festivalen i haust. Det vert mykje god tradisjon ispedd noko nytt. Medan de ventar på programmet; høyr på Siderpodden og nyt sommaren med eit glas sider!