I år vil me prøva eit nytt konsept frå festivalscena som har fått namnet «Siderekspertane sine utvalde».
Her vil me gjera ekstra stas på sideri som har merka seg ut som særleg nytenkjande i produksjonen og produkta sine sidan sist festival. Siderekspertane vil velja ut kvar sitt produkt eller produsent som dei synes fortener ei ekstra påskjøning i form av ei presentasjon frå scena.
Smaka på siderane kan du sjølvsagt gjera på skjenkeområdet!
Siderkonkurransen for dei profesjonelle vert historie i år, og erstatta av desse presentasjonen av utvalde sidrar.
Siderprodusentane får som tidlegare selja sider på skjenkeområdet, og presentera seg og sine produkt for alle som er til stades