Siderfestivalen i Øystese har alltid vore ein festival for dei som lagar, eller vil prøva å laga sider, sjølve. Gjennom den tradisjonsrike siderkonkurransen har mange fått vurdert sideren sin, amatørar og profesjonelle. For nokon har det vore eit steg på vegen mot at dei starta eigen siderproduksjon for sal.
No er tida komen for at me vil fokusera og reindyrka amatørdelen av siderkåringa. Difor vert det i Øystese i år berre konkurranse for amatørane.
Siderkåringar for dei profesjonelle produsentane har det etter kvart vorte fleire av. Det er ressurskrevjande å driva ein fagleg god siderkonkurranse. Det har også vorte eit så breidt og mangfaldig utval av sidervariantar at det er krevjande å plassera dei i snevre klassar for så å kåra den beste.
I konkurransen i år vert det klasse for tradisjonell sider (rein eplesider), ein klasse for smakstilsett eplesider og ein open klasse for andre nærliggjande alkoholhaldige drikkevarer av frukt og bær (t.d. pæresider, fruktvin, mjød eller øl med frukttilsetjing).
Dyktige domarar vil vurdera prøvane, og gje tilbakemelding om gode og mindre gode eigenskapar ved siderprøvane som vert leverte inn. Det vert premiering og diplom til gode sidrar som utmerkar seg.
Send inn prøvar innan måndag 3. oktober til FK-butikken i Øystese, Sjusetevegen 14, 5610 Øystese. Kontakt: Birgit Nødtvedt. Påmeldingsavgift kr 200 pr prøve. Vipps til Øystese Næringslag nr 12892 og merk med namn og siderkonkurranse. Då kan me lova ei grundig fagleg vurdering og tilbakemelding av alle prøvane.