Thomas Digervold vert ein vandrande siderguru på skjenkeområdet vårt. Han byr på både kunnskap og humor! Det vert stunt frå scena og visitt rundt om på borda hos dei forskjellige siderprodusentane. Thomas legg til rette for ein god siderprat. Delta gjerne! Kvar siderprodusent har fått sitt eige areal på skjenkeområdet i år. Besøkande kan bevege seg mellom dei ulike sidertilbydarane. Finn deg ein ledig plass rundt bordet, og du får servert sider av produsenten.
Skjenkeområdet er ope mellom 11.00 og 17.00
Som eit smitteverntiltak må me ha to separate arrangement på skjenkeområdet: eit på føremiddagen og eit på ettermiddagen. Delta gjerne på begge, men me må tømme området mellom kvart arrangement (kl 13.30-14.00).
Desse produsentane kjem på festivalen:
Kvestad Sideri
Ulvik Frukt- & cideri
Spildegarden
Harding Sider
Naa Store Siderkompani
Aga Sider
Hardanger Cideri
Lindheim Ølkompani