Siderfesten under Siderfestivalen i Øystese vert i Holmatun laurdag 3. oktober. I år vert det dempa ljos, bordservering og akustisk musikk frå Lightsand.
Vel møtt!
Du tingar drikke frå bugnande siderbarar frå bordet ditt og får det servert. Kveldens husorkester er Lightsand som gjev akustiske musikalske bidrag frå rom til rom gjennom kvelden. Dette er den trivelegaste siderfestivalen i landet og me kan i mot 200 heldige gjester i dei flotte lokala på ein annleis Siderfest.
Lightsand:
Lightsand – eit velspelande band som leverer låtar frå trainbeat groove og country/rock til rolege melodiøse balladar. Eit svært samspelt komp, frekke gitarsoloar og twangy gitarriff er nokre av stikkorda når det gjeld Lightsand sine konsertar. Me garanterer god stemning når kveldens husorkester underhaldar rom for rom.
Bandet består at Steinar Lyssand (gitar/vokal), Bjørn Moe (trommer) og Svein Henning Berstad (bass).
Steinar "Lightsand" Lyssand i front
Program:
Kl 20: Dørene opnar. Det er bord tilgjengeleg i to etasjar i Storesalen, Peisestovo og Vetlesalen.
Kl 21: Lightsand speler minikonsertar i dei ulike salane heile kvelden.
Kl 00: Skjenkestopp (reglar per august 2020)
Pris kr 325 per pers
18 års aldersgrense
-----------------
Tryggleik/Covid-19:
Me gjennomfører arrangementet innanfor gjeldande forskrift og bransjestandard med fylgjande lovnad frå arrangør:
maks 200 gjester. Kun førehandssal grunna sporing- sitjeplassar til alle
bordservering
hygienestasjonar på området
hyppig vask av fellesområde
mogelegheit for 1 m avstand
ingen sjuke på jobb
Og me vonar du som gjest held deg heime om du syner symptom på luftvegsinfeksjonar