Forside-innlegg

Siderfestival 2020 er historie – det vert eit godt minne.

Takk til alle som var med på å bidra til årets festival!  

LIndheim-og-Raknes.jpg

Fulle siderleggingskurs, god deltaking i siderkonkurransen og dyktig dommarpanel, kjøpelystne marknadsbesøkande, utstillarar med kvalitetsprodukt, sidervisa med Øystese Musikklag, Thomas Digervold som spreidde siderkunnskap og god stemning både frå scena og inne på skjenkeområdet, seviceinnstilte coronavakter frå VG2, sidersmaking på Spildegarden og aldeles fortreffeleg sidermiddag på Hardangerfjord Hotell. Og ikkje minst takk til dykk siderprodusentar som lagar sider! Me bles ikkje vekk, og er nøgde med vêrgudane som gav oss sol og sommartemperatur.

Hjarteleg velkomne tilbake til siderfestival i Øystese i 2021!