Eivind Vangdal, tidlegare frukt- og siderforskar ved NIBIO Ullensvang forskingssenter på Lofthus, held kurs med sidersmaking under festivalen. Dette er tilpassa deg som vil vita litt meir omsider og korleis sider vert laga. Kanskje har du laga du din eigen sider, eller ynskjer å prøva.
Me legg opp til to 3-timars kurs på Spildegarden. Opplegget og tema er som tidlegare år:
Kva er sider? – typar og stilar; gode sidereplesortar, smakstilsetjing m.m.
Kva utstyr treng du? – frå pressing til emballasje for ferdige produkt, tilpassa ulike produksjonsomfang
Gjæringsprosessen, og korleis denne kan styrast. Tilsett gjær eller spontan gjæring? tilsetjing av sukker?
Moglege utfordringar og feil som kan koma, og korleis ein kan unngå desse
Under vegs i kurset vert det smaking av tradisjonelle sidertypar og sider med smakstilsetjing og issider.
Deltakarane får tilsendt presentasjonar og skriftleg materiale som vert brukt på kurset.
Kurset er og nyttig om du vurderer å satsa på siderproduksjon som næring, og som forkurs for Kompetansenettverk Lokalmat sine 3-dagars siderkurs i Ulvik.
Tid: Fredag 8. oktober kl 16 til 19 og Laurdag 9. oktober kl 16 til 19.
Stad: Spildegarden, Øystese (Nedre Vik 78)
Kurshaldar: Eivind Vangdal
Kursavgift: 500 kr
Maks 20 deltakarar pr kurs.
Påmelding til Siderfestivalen eller Eivind Vangdal (tlf 90628035, e-post eivind.vangdal@kvamnet.no)