Under Siderfestivalen vil Eivind Vangdal halda 3 timars siderkurs med smaking både fredag 07. og laurdag 08. oktober kl 16–19 på Spildegarden.
Read MoreForside-innlegg
Kasper Wrem Anderson (t.v.) og Thor Oddvar Havn kjem til Siderfestivalen i 2022.
Siderpodden på festivalen i 2022 - Kasper og Thor Oddvar kjem!
I år kan dei siderglade gjestene våre sjå fram til å møta gutane bak Siderpodden.
Read MoreStaysman + sider= sant
Staysman altså – ein deilig kombo av svigermors draum og kongen av rølp i ei kvardagsklok, passe frekk og empatisk innpakking. Me elskar det!
Og no kjem han til Øystese!
Staysman sørgjer for knall stemning på årets Siderfest i Øystesehallen
Det vert meir!
Før og etter konsert køyrer me Bygdalista Vol 1 og Vol 2; eit skreddarsydd vorspiel til Staysman & gjengen og etterpålag med partymusikk i ein heidundrande, sveittedryppande smeltedigel av heit musikk frå 80- og 90-talet ispedd godbitar fra 2000-talet.
Desse listene inviterar me dykk, kjære siderpublikum, til å vera med å lage. Følg med!
Takk til alle som bidrog til ein særs vellukka festival i 2021!
Atter ein gong var vêrgudane med oss og gav oss ein dag pause frå regnet. Attpåtil kikka sola fram. Du verden! Det vart satt nye salsrekordar både blant utstillarane på marknaden og siderprodusentane på skjenkeområdet. Takka være verdas beste og hyggelegaste besøkande og deltakarar.
Me ynskjer å takka dei lokale sponsorane og annonsørane våre for nødvendig økonomisk stønad. Øystese Musikklag og russen ved Kvam vidaregåande skule bidrog med framifrå dugnadsinnsats.
Holmatun, Hardangerfjord Hotell, Kabuso og Spildegarden var med å laga eit spanande program desse to dagane.
Takk til vår eigen siderekspert Eivind Vangdal som også i år stod for gjennomføringa av siderkonkurransen som fekk inn heile 94 siderbidrag. Me er stolte av vår kompetente finalejury som smakar seg gjennom alle sidrane som kjem inn. I år bestod juryen av Hanne Frosta, Bernt Bucher Johannessen, Trude Rinaldo, Christer Økland og Thomas Digervold.
Thomas Digervold er vår raude tråd gjennom heile festivalen som bidreg til god festivalstemning og leier oss gjennom det som føregår på scenen og i skjenkeområdet. Og sist men ikkje minst takk til ja-menneske og festivalkompanjong Edwin som snekrar pallediskar og fiksar stort og smått.
Helsing glad og letta festivalsjef - Marit Buttingsrud
