Forside-innlegg

Rotlaus gler seg til å spela på Siderfestivalen!

Eit av dei mest ettertrakta livebanda i Noreg kjem til Øystese laurdag 5. oktober. Rotlaus har spela på Siderfestivalen før, og håpar at dei også denne gongen skal få smaka litt av det Hardanger har å by på i tillegg til å spela opp til fest.

– Me er berre ein gjeng gutar som syng og spelar, og synes det er ekstremt stort at det er så mange som likar det me gjer, seier vokalist Bjørn Marius Øyehaug.

Me tykker det er ekstremt stort at Rotlaus gjer det dei gjer og gler oss til fest i Øysteshallen.

Klikk her for å kjøpa billett på Ticketco 

67769095_10156065760842237_268519663128805376_o.jpg

Kjem du med bubil?

Me ynskjer bubilar og campingvogner hjarteleg velkomne. Parker på Øystese Bubilparkering; her kan du dyppe føtene i Hardangerfjorden og kikke på Folgefonna - nokre steinkast frå sentrum og festivalen. Vatnuttak og søppelhandtering på plass. Me har ikkje straum og sanitæranlegg, med det er offentleg toalett ved badestranda i sentrum. Kjøp deg ein parkeringsbillett for 250 kr for heile helga på ticketco.no ! Då er du sikra plass!

Øystese Bubilparkering på Facebook

Øystese Bubilparkering. Foto: Jarle Nilssen.

Øystese Bubilparkering. Foto: Jarle Nilssen.