Vinnar i klassen for amatørar vart Bjarne Aga og Asbjørn Nå medan Aga sideri (Joar Aga, biletet) vann klassen for profesjonelle. Ulvik Frukt & Cideri sin Hylleblomsider vann open klasse. I år kom det inn 55 prøver til vurdering i konkurransen; 27 prøver frå 18 produsentar i amatørklassen, 22 prøver frå 10 produsentar i klassen for dei profesjonelle og 6 i den nye opne klassen. Domarane var svært oppglødde over den høge kvaliteten i alle klassane.
Les meir om siderkonkurransen her
Forside-innlegg
Siderakademiet – lær og smak!
Det nye konseptet dette året, Siderakademiet, vil formidla kunnskap om korleis me lagar sider av god kvalitet. Siderakademiet vil gje deg eit innblikk i smak og mangfald i ein uhøgtidleg og entusiastisk setting i Kabuso laurdag føremiddag.
Korleis laga sider med Siv Fossåskaret, Gerd Lysen og Spildegarden
Balholm Ciderhuset med Åge Eitungjerde
Sidersmaking -sider frå ulike delar av landet, med Luis Herreros og Ronja Velten frå Ølakademiet
Inngong kr 100
Vegen til Breidablik -ei førestilling i skjemt og alvor
Siderfestivalen er stolte av å kunne by på ei rykande fersk førestilling i år!
Inger Dysvik og Lars Arvid Oma har snekra saman ein smakebit frå den komande boka «BREIDABLIK – eit fjelleventyr» i ord, tonar og bilete.Her vert musikalske innslag, gamle og nye bilete, talande teikningar, små stubbar og forteljingar om både slit og løye.
Med seg har dei bladfyken Sigbjørn Linga og kanskje får dei besøk av ein friskus frå tur-Norge og andre medvandrarar.
Teikning: Bjørn Huse
Boklansering i Kabuso
Forfattar Thomas Horne presenterer boka si "Om Sider" i kafeen i Kabuso. Nyt gjerne eit glas sider attåt!
Dette er boka for deg som vil lage din eigen sider, enten for fyrste gong eller om du allereie er litt erfaren. Om sider, den fyrste siderboka på norsk, fortel deg det du treng å vite før du set i gong.
For å lage boka har forfattar og sideramatør Thomas Horne vore på ei aldri så lita eigenkomponert siderrute for å besøke produsentar rundt om i landet. Alle med ulike produksjonar som viser fram mangfaldet av sider i Noreg. Ifølgje Horne har norsk sider gått gjennom ein liten revolusjon dei siste åra.
Boka er ein hyllest til norsk handverkssider. Hovuddelen av boka skildrar framgangsmåten for å lage sider heime og for så vidt også i kommersiell småskalaproduksjon. Horne omtalar fleire metodar for siderlegging, med eller utan tilsettingar.
Med seg på laget har Horne fotograf Colin Eick og grafisk designar Eivind Stoud Platou. Saman har dei tidligare laga fleire bøkar, blant anna Ølbrygging fra hånd til munn, Balkongbønder og Kunsten å ikke kaste mat.
