Forside-innlegg

Rotlaus gler seg til å spela på Siderfestivalen!

Eit av dei mest ettertrakta livebanda i Noreg kjem til Øystese laurdag 5. oktober. Rotlaus har spela på Siderfestivalen før, og håpar at dei også denne gongen skal få smaka litt av det Hardanger har å by på i tillegg til å spela opp til fest.

– Me er berre ein gjeng gutar som syng og spelar, og synes det er ekstremt stort at det er så mange som likar det me gjer, seier vokalist Bjørn Marius Øyehaug.

Me tykker det er ekstremt stort at Rotlaus gjer det dei gjer og gler oss til fest i Øysteshallen.

Klikk her for å kjøpa billett på Ticketco 

67769095_10156065760842237_268519663128805376_o.jpg