Forside-innlegg

Levert inn siderprøvar enno?

Ikkje det? Du har framleis eit par veker på deg, fristen er 28. september.

Dette gjer du:

De må levera inn minst 2 flasker à 0,7 liter av kvart påmeldt produkt. 

Produkta må leverast Kvam Fruktlager (FK-butikken i Øystese), Bioforsk på Lofthus eller Hardanger Fjordfrukt på Utne seinast fredag 28. september.

Me kan hjelpa til med å henta sider frå andre stader, ta kontakt med Stig Lundblad-Sandbakk tlf 917 22 857.

Adresse om du skal sende som pakke:
Kvam Fruktlager,
Sjusetevegen 27,
5610 Øystese.

Send også ein SMS til mobilnr. 917 22 857 når pakken er sendt, med opplysning om namn og sendingsdato.

Vinnarane for 2013 var:

Nils Lekve frå Hardanger Saft og Siderfabrikk vann nok ein gong med sin ”Sprudlande”-sider, no i klassa profesjonell.

Amatørklassa vart vunnen av Reidar Skogheim frå Seljord.

Hellbillies til Siderfesten 4.oktober!

Det er med stor glede å melda at eit av Noregs desidert beste live-band skal vitje årets Siderfestival! Sjølvaste Hellbillies frå Ål i Hallingdal tek turen til Øystese for å halda ein heidundrandes konsert i idrettshallen!

Bandet som kjem med nytt live-album 6.juni kan sjå attende på ein nesten 25 år lang karriere med 10 studioalbum, 4 konsertalbum, eit lang rekke konsertar, og fleire Spelemannprisar inkludert Årets spellemann i 2007.

Om du ynskjer å få med deg denne storhendinga må du fylgja med her på nettsidene våre - billettar ligg no ute for sal: https://onl.ticketco.no/siderfest2014

Velkomen 3.-5. oktober!

Då er det på tide å planleggja innsending av siderprøvar, setja av i kalendaren at du skal ha varer klare til standen din og ikkje minst: du som skal berre gå rundt og kosa deg med kortreist mat, eplesaft, lappar og anna kjekt - noter i boka at i år er det helga 3.-5. oktober som gjeld! Me kjem tilbake med meir om programmet!

Takk for ein herleg Siderfestival!

Etter kjapp oppsummering takkar den nye nemnda for at alle utstillarar, siderkonkurransedeltakarar, musikarar, frivillige og vêrgudane for at den tiande Siderfestivalen gjekk særs bra! Publikumsoversynet syner at me har hatt 1825 gjester på dei ulike arrangementa i helga: estimert 1000 deltakarar på marknaden, nærare 500 på festen laurdag kveld og resten jamt fordelt på dei resterande arrangementa.

Strålande sol over bidraga til årets siderkonkurranse

Strålande sol over bidraga til årets siderkonkurranse

Det økonomiske resultatet ser ut til å gå i pluss, noko som må seiast å vera svært positivt sett i betraktning dei endringane som vart gjort og raset i Tokagjelet. Det var noko spennande å flytta heile området ned på hotellbøen framfor å ha det ved Tunet. Heldigvis har butikkane der oppe gjeve tilbakemelding om god publikumsflyt.

Fleire av dei involverte aktørane på årets festival har formidla at dei ynskjer å bidra til vidare utvikling av Siderfestivalen det komande året. Nemnda er lydhøyre for innspel og vil gjerne ha meir av både ris og ros.

No er det berre å leggja ny sider og så snakkast me om eit lite år!