Vart sideren svært god i år, eller fekk han ein annleis lukt eller smak som du gjerne vil ha vurdert av ekspertar? Send inn sideren din til siderkonkurransen under Siderfestivalen i Øystese. Då vert prøven vurdert etter internasjonale retningslinjer og tildelt poeng for utsjånad, lukt og smak. Og ikkje minst så får du ei tilbakemelding om korleis domarane karakteriserte sideren din, noko som me håpar kan vera nyttig og lærerikt for neste produksjon.
Siderkonkurransen i Øystese er den eldste siderkonkurransen i Norge. Også i år er Hanne Frosta leiar av Norges beste domarpanel for vurdering av siderprøvar i Øystese.
Dette er ein konkurranse for sideramatørane i heile landet. Sideri med kommunalt eller statleg produksjons- og salsløyve kan ikkje levera inn prøver. Men fram gjennom åra har fleire av dei som no er kjende siderprodusentar, delteke som amatørar i siderkonkurransen i Øystese. Fjorårets vinnar er til dømes no etablert som Jåstad sideri.
Klassar:
• Tradisjonell sider
• Open klasse
“Tradisjonell sider” er sider laga av rein eplejus. Det kan vera spontant gjæra sider eller laga med tilsett gjær, og svovel og næringssalt kan t.d. nyttast for å styra gjæringa. Sider som er laga av konsentrat/ frysekonsentrat vert vurderte i open klasse.
I open klasse er det rom for alle slag siderliknande produkt. Domarane deler i underklassar for smakstilsett sider, issider og andre typar der det høver. Me tek gjerne mot pæresider og fruktvinar som og vil verta plasserte i open klasse.
Resultat og premiering:
Det vert lagt vekt på at sideren er godt laga, men me set pris på nye spennande siderprodukt. Det vert diplom og premiering til dei beste sidrane i kvar klasse, festivalen sin beste sider uansett klasse, og årets mest nytenkjande produkt.
Resultata frå siderkåringa vert kunngjort på Siderfestivalen i Øystese laurdag 5. oktober.
Siderprøvar til vurderinga:
Av kvar sider du vil ha vurdert, må du levera eller senda inn to flasker med minst 0,5 liter i kvar. Du kan delta med inntil 5 ulike sidrar i kvar klasse i konkurransen. Gje informasjon om råvare, produksjonsmetode og kva klasse produktet høyrer til. Hugs telefonnummer og e-postadresse.
NB! Domarpanelet får ikkje vita bakgrunnen til produktet før døminga.
Påmeldingsfrist:
Siderprøvane må vera innleverte eller komne fram til Øystese seinast tysdag 1. oktober.
Innleveringsstad og adresse:
Siderprøver til konkurransen kan leverast eller sendast til:
Siderfestivalen i Hardanger
FK-butikken v/Birgit Nødtvedt
Sjusetevegen 14
5610 Øystese
NB! Hugs god emballering og merking dersom du sender det.
Påmeldingsavgift: 200 kr pr prøve. Vipps til nr 940414 Siderråd Eivind Vangdal og merk med namn.
Er det noko du lurer på om siderkonkurransen, kan du kontakta Eivind Vangdal, tlf 906 28 035 eller på e-post eivind.vangdal@kvamnet.no