Eivind Vangdal held også i år siderkurs under festivalen. Dette er for deg som vil vita litt meir om sider og ikkje minst korleis sider vert laga. Kanskje lagar du eigen sider, og treng tips om korleis sideren kan verta endå betre. Eller du har lyst til å prøva å laga sider og treng råd om eplesortar, utstyr og kva du bør og ikkje bør gjera.
Tema på kurset er m.a.
Kva er sider? – typar og stilar; gode sidereplesortar, smakstilsetjing m.m.
Kva utstyr treng du? – frå pressing til emballasje for ferdige produkt
Gjæringsprosessen, og korleis denne kan styrast. Tilsett gjær eller spontan gjæring? Tilsetjing av sukker?
Moglege utfordringar og feil som kan koma, og korleis ein kan unngå desse
Du får smaka typiske eksempel på moderne norsk sider, smakstilsett sider og issider. Jane eller Geir Henning orienterer om korleis dei lagar sider på Spildegarden.
Deltakarane får tilsendt presentasjonar og skriftleg materiale som vert brukt på kurset. Og dersom du ikkje allereie har kjøpt Siderboka, kan du få kjøpt ho på kurset.
Kurset er for nyfikne siderinteresserte, ekte amatørar og proffe amatørar som lagar sider. Men det har og vist seg som ein nyttig grunnlag om du vurderer å satsa på siderproduksjon som næring. Kompetansenettverk Lokalmat skipar til 3-dagars siderkurs i Hjelmeland i november.
Tid: Fredag 4. oktober kl 16 til 19
Stad: Spildegarden, Nedre Vik 78, Øystese
Kursavgift: 600 kr
Påmelding til Eivind Vangdal tlf 906 28 035 eller e-post eivind.vangdal@kvamnet.no, og vipps kursavgifta til 940414 Siderråd Eivind Vangdal.