Me gjentek fjorårets suksess med sidersmaking i Skummesalen i regi av siderpommelierar Kasper Wrem Anderson og Thor Oddvar Havn.
Det poppar stadig opp nye siderprodusentar i Hardanger. Kom og hels på Raaen Sider frå Grimo som lagar Råtøs og siderprodusenten Draopar frå Eidfjord. Kva er forskjellen på tradisjonelle sidrar frå Frankrike og våre eigne frå Hardanger? Våre pommelierar gjev deg høve til å både smaka og høyra.
Attåt sideren har Barmen komponert ein kulinarisk smaksplanke og me vil også testa Hardanger Bygdeysteri sin nye lagra kvitost saman med ein høveleg sider.
Skummesalen ligg i hjartet av det gamle TINE-anlegget som no har vorte Mathuset. Inngangen finn du på øvre sida av bygget. Kjøp billettar på TicketCo.