Det vert fest på kaia under siderfestivalen. Me riggar opp telt og inviterer til ein kveld med dans, moro og god stemning!
Glimmer er Noregs tøffaste partyband! Med sin nærleik, sjarm og utstråling vert bandet omtala som det mest joviale og energiske partymaskineriet som rullar rundt langs norske vegar!
Med 20 år med samspel, brei erfaring og utdanning innan musikk og underhaldning er dette eit band som leverer eit høgt musikalsk nivå, speleglede og pressar stemninga til det maksimale kvar gong! Det skal syngjast, det skal dansast, det vert emosjonelt, me går høgt og lågt! Med eit repertoar som er variert og fargerikt, vert det ein fest for alle, om og om att!