Eivind Vangdal held også i år kurs med sidersmaking under festivalen. Dette er tilpassa deg som vil vita litt meir om sider og korleis sider vert laga. Kanskje har du laga du din eigen sider, eller ynskjer å prøva.
Tema er m.a.
Kva er sider? – typar og stilar; gode sidereplesortar, smakstilsetjing m.m.
Kva utstyr treng du? – frå pressing til emballasje for ferdige produkt, tilpassa ulike produksjonsomfang
Gjæringsprosessen, og korleis denne kan styrast. Tilsett gjær eller spontan gjæring? tilsetjing av sukker?
Moglege utfordringar og feil som kan koma, og korleis ein kan unngå desse
Under vegs i kurset vert det smaking av tradisjonelle sidertypar og sider med smakstilsetjing og issider.
Deltakarane får tilsendt presentasjonar og skriftleg materiale som vert brukt på kurset.
Kurset er og nyttig om du vurderer å satsa på siderproduksjon som næring, og som forkurs for Kompetansenettverk Lokalmat sine 3-dagars siderkurs. (Nytt kurs i Hjelmeland 19.-21.10)
Tid: Fredag 6. oktober kl 16 til 19
Kursavgift: 600 kr
Påmelding til Eivind Vangdal tlf 906 28 035 eller e-post eivind.vangdal@kvamnet.no