Atter ein gong var vêrgudane med oss og ga oss ein dag pause frå kraftig haustregn. Attpåtil titta sola fram. Du verden! Det vart satt nye salsrekordar blant utstillarane på marknaden. Siderbongane gjekk unna på skjenkeområdet. Takk til verdens beste og hyggelegaste besøkande og deltakarar!
Me ynskjer også å takka dei lokale sponsorane og annonsørane våre for nødvendig økonomisk støtte. Øystese Musikklag, russen ved Kvam videregående skule og gjengen som sveitta seg gjennom lørdagsnatta og som alle bidrog med framifrå dugnadsinnsats.
Holmatun, Skummesalen, Hardangerfjord Hotel, Kunsthuset Kabuso og Spildegarden var med å laga til eit spanande program desse to dagane.
Takk til vår eigen siderekspert Eivind Vangdal som også i år stod for gjennomføringa av siderkonkurransen for amatørar med heile 51 siderbidrag. Attpåtil lanserte han si splitter nye siderbok. Me er stolte av vår kompetente finalejury som i år var: Hanne Frosta, Bernt Bucher Johannessen, Camilla Aasen og Kasper Wrem Anderson. Sistnemde var saman med Thor Oddvar Havn vår raude tråd gjennom heile festivalen og bidrog til god festivalstemning og leia oss igjennom det som føregjekk på scena.
Stian Staysman Thorbjørnsen avslutta det heile med tidenes sceneshow i Øystesehallen.
Sist, men ikkje minst, takk til ja-menneske og festivalkompanjong Edwin Hereid som fiksar stort og smått.
Helsing glad og sliten festivalsjef - Marit Buttingsrud