Etter stor påmelding og gode tilbakemeldingar for kursa i 2019, tilbyr me også i år kurs om korleis ein lagar sider. Det er for deg som er interessert i sider og ynskjer å læra meir. Du har gjerne laga sider til husbruk, eller ynskjer å laga din eigen sider. Kurset går over tre undervisningstimar med smaking av sidertypar.
Tid: Fredag 2. oktober kl 17.00 til 19.30
Stad: Øystese
Tema:
Sidertypar og stilar - Råvarer; eigenskapane til ulike eplesortar, verknad av mogningsgrad, blanding og smakstilsetjing
Utstyr – frå pressing til ferdige produkt
Prosessen – frå jus til ferdig sider; gjærtypar, tilsetjing av sukker m.m., styring av gjæringa med temperatur, omtapping, filtrering m.m.
Filer med kursmatriell vert sendt ut.
Kurshaldar: Eivind Vangdal
Kursavgift: 500 kr
Maks 20 deltakarar.
Påmelding til Siderfestivalen eller Eivind Vangdal (tlf 906 28 035, e-post eivind.vangdal@kvamnet.no)
Eivind Vangdal er pensjonert fruktforskar får NIBIO Ullensvang forskingssenter på Lofthus og no siderkonsulent (Eivind Vangdal Siderråd AS). Han har lang røynsle med forskings- og utviklingsarbeid for siderprodusentane i Hardanger, og driv kurs i jus- og siderproduksjon for m.a. Kompetansenettverket for Lokalmat.