Interessa for sider har nærmast eksplodert dei siste åra; både for å laga sjølv, eller for å nyta dei mange sidrane som no er å få kjøpt heime hjå siderprodusentane, på skjenkjestader eller hjå Vinmonopolet. Siderfestivalen i Øystese tilbyr alle produsentar, amatørar og profesjonelle, å få sideren sin vurdert av ein fagjury. Juryen gjev poeng for utsjånad, lukt, smak og ettersmak. Å levera prøver til siderkonkurransen skal vera lærerikt for siderprodusentane. Så alle som har levert inn prøver til Siderfestivalen, får tilbakemelding om kor mange poeng sideren deira har fått for dei ulike faktorane, gjennomsnittet for samanliknbare prøver og kva som var bra med sideren og kva som eventuelt kan verta betre neste år.
I år kom det inn 74 prøver. Av desse var 61 prøver av tradisjonell sider; 38 frå amatørar og 23 frå profesjonelle produsentar med statleg eller kommunalt løyve for produksjon og sal av sider. I open klasse var det 13 prøver; 6 frå amatørar og 7 frå profesjonelle siderprodusentar. Dei fleste av desse var sider med ulike former for smakstilsetjing. Det var 39 siderprodusentar som hadde levert inn prøver.
Med så mange prøver måtte fyrst ein jury med lang røynsle i sidervurdering ha ei eiga vurdering av amatørprøvene. Dei valde ut det dei vurderte som dei beste produkta i denne klassen. Heile fredagen og laurdag føremiddag smaka ein annan jury seg gjennom 46 prøver i dei ulike klassane. Alle dømingane vart gjort som blindtestar der domarane ikkje visste noko om kven hadde laga produktet, og kva det var laga av. I denne juryen sat Hanne Frosta (leiar), Thomas Digervold («Fest i kjeften»), Monika Wessel (tidl innkjøpsansvarleg i Vinmonopolet), Kjetil Widding (Siderklynga/Utne hotell) og Marianne Hotle (NIBIO).
TRADISJONELL SIDER
Juryen var imponert over det høge nivået og den tette konkurransen. I klassen for tradisjonell sider var dei aller fleste prøvene frå Hardanger. Alle hadde høg kvalitet, om enn laga av ulike eplesortar og med litt ulike stilar. Dei tre beste i år var:
Åkre gard v/ Arita og Gjermund Åkre for Edel Eplesider 6,5%
Sjuragarden v/ Jarand Mo Dalatun for Aromasider
Ekspedisjonen v/ Fredrik Opedal for Skrikjo
Det er hyggeleg at nye produsentar kjem mellom dei beste. Men på rekkje og rad bak desse tre kom dei gode gamle(?) produsentane i Ulvik, Aga og Vikebygd, og fleire andre nye produsentar.
I klassen for amatørar vert desse tre sidrane vurdert som dei beste:
Silje van Hoek for ein lys og mild sider
Terje og Elias Bleie for ein sider med bobler
Jon Eivind Skurtveit for sider laga av 75% Aroma og 25% Discovery
Juryen vurderte alle desse tre som så gode at dei ville hevda seg godt samanlikna med dei ein kan få kjøpa frå profesjonelle siderprodusentar. Silje van Hoek var mellom dei beste i 2018, og gjekk heilt til topps i år. Terje og Elias Bleie er røynde siderprodusentar medan Jon Eivind Skurtveit er fersk i faget. Dei var mellom dei mange nye deltakarane i år. Gamle heltar som Frøland, Lysen og Fykse var ikkje mellom topp tre i år, men dei hadde alle levert god sider som kom tett opp til dei beste. Dei fleste deltakarane kjem naturleg nok frå Hardanger, men det er og spreidde deltakarar frå andre deler av landet.
OPEN KLASSE
Dei fleste prøvene i open klasse var eplesider med smakstilsetjing av t.d. bringebær eller humle. Andre sidrar var tilsett honning eller på anna vis gjort ekstra søte og smaksrike (dessertsider) med ulike metodar. Av nye produkt i år var ein sider med moreller frå Hardanger Saft og Siderfabrikk kalla Hardanger Draum. Det er vanskeleg å vurdera opp mot kvarandre dei ulike produkta i denne klassen, men alle sju produkta fekk god omtale og det var få poeng som skilde dei. I open klassen for dei profesjonelle var dei tre beste:
Spildegarden v/ Jane og Geir Henning Spilde for Spilde Raud, eplesider med bringebær
Åkre gard v/ Arita og Gjermund Åkre for Edel Sider 12, sider der smaken er konsentrert med frysing
Hardanger Saft og Siderfabrikk v/ Nils Lekve for Humlesider
I amatørklassen vart desse premiert:
Ola Fjerdingen med ein «sider» basert på bringebær
Åsmund Kristiansen med ein eplesider med eldkvede
Juryen og me som arbeider med denne konkurransen set pris på alle tilbakemeldingar om korleis me kan verta endå betre. Mange er medvitne på at me må verna om sidertradisjonen i Hardanger, og halda på ein eigen klasse for tradisjonell sider. Men samstundes styrkjer det interessa og omdømet til sideren at det kjem nye innovative produkt.
Me ynskjer alle deltakarane lukke til med siderproduksjonen i haust og vinter, og ynskjer dei velkomne til å levera inn prøver til ny sidervurdering og konkurranse under Siderfestivalen 2020.