16 sidertypar var påmelde årets Siderfestival i Øystese fordelt på to klassar, amatør og profesjonell. I år som i fjor stakk Nils Lekve og Lekve Gard i Ulvik av med fyrsteprisen i proffklassen, i år med sidedren Hardangersider Kvasshovden. I klassa amatør vann Helge Frøland sin sommerred/gravenstein-sider. Bedømminga er basert på blindtesting utan klassifisering med poeng for farge, klårheit, lukt, smak og ettersmak. Dommarpanelet bestod av Eivind Vangdal (Bioforsk), Vidar Klausen (Vinhuset) og Ragnhild Børven (kokk), og det var fullstendig semje om topplasseringane - Kvasshovden vann med 77 poeng av 90 oppnåelege og beste amatør hadde 61 poeng av 90.
Foto: Toril Walker Norheim