Det vert ikkje berre høve til å stimulere smakslaukane på marknaden laurdag, nokre kunstnariske innslag vert det og!
12:00 får vi presentert smakebitar av Lars Ove Seljestad si bok Kjære Bror til musikalsk tonefylgje av Odd Erlend Mikkelsen.
12:40 er det klart for det lokale og fremadstormande bandet Mandelid, med Ruben Mandelid i spissen.
13:00 er det høve til å ta ein tur i Kabuso og få med seg Oddveig Klyve som les til tonefylgje av Knut Hamre. Kabuso inviterer til festivalstemning med smakebitar frå eplehausten.
14:00 får festivalen besøk av Malene Rogdaberg Trå, ung og lovande songarinne frå Kvam. Kanskje får vi ein forsmak på Siderfesten i form av ei Hellibillies-låt eller to?
På marknaden vil det og verte høve til å få testa dei meir atletiske evnene dine. Kvam Klatreklubb utfordrar deg til bruskasseklatring, sjølvsagt godt sikra og i trygge hender. Øystese Fotball rekrutterer nye fotballtalent med triksekonkurranse. Lukke til!