Då er Siderfestivalen, nummer tjueein i rekkja, over. Vel blåst til alle involverte. Litt haustregn la ikkje ein dempar på god og triveleg festivalstemning i Øystese. Me starta fredag med fullteikna siderkurs og knall stemning på sidersmakinga i Skummesalen.
På laurdag var det marknadsdag. Takk til dykk utstillarar som kjem att år etter år. Siderkonkurransen vår fekk inn heile 51 bidrag i år, og ein dedikert jury valde ut nokre dyktige amatørar som fekk heider og ære for sidrane sine.
Besøkande på skjenkeområdet fekk tak over hovudet, skinnfellar å sitte på og livat toradarspel. Laurdagskvelden var det duka for fleire rettars sidermiddag fleire stader i bygda.
Takk til Øystese Musikklag som riggar festivalområdet og held konsert. Våre sponsorar og annonsørar er uunnverlege.
Me i komiteen har hatt nokre fine dagar saman med kvarandre og dei aller hyggelegaste besøkande og deltakarar. Håpar me sjåast til neste år!