Den eldste Siderkonkurransen i Norge!
Tradisjonen tru vert det siderkonkurranse på festivalen i oktober. Sender du inn sideren din til vurdering, får du vita korleis eit proffesjonelt domarpanel vurderer sideren din. Prøven vert tildelt poeng for utsjånad, lukt og smak, og du får tips om kva som er bra og kva domarane meiner du kan gjera for å få (om mogleg) endå betre sider. Det kan vera nyttig og lærerikt for neste produksjon.
Siderkonkurransen i Øystese er den eldste siderkonkurransen i Norge. Også i år er Hanne Frosta leiar av Norges beste domarpanel for vurdering av siderprøvar i Øystese.
Dette er ein konkurranse for sideramatørane i heile landet. Sideri med kommunalt eller statleg produksjons- og salsløyve kan ikkje delta. Men fram gjennom åra har fleire av dei som no er kjende siderprodusentar, delteke som amatørar i siderkonkurransen i Øystese.
Klassar:
• Tradisjonell sider
• Open klasse
“Tradisjonell sider” er sider laga av rein eplejus. Det kan vera spontant gjæra sider eller laga med tilsett gjær, og svovel og næringssalt kan t.d. nyttast for å styra gjæringa. Sider som er laga av konsentrat/ frysekonsentrat vert vurderte i open klasse.
I open klasse er det rom for alle slag siderliknande produkt. Domarane deler i underklassar for smakstilsett sider, issider og andre typar der det høver. Pæresider og fruktvinar vert og plasserte i open klasse.
Resultat og premiering:
Det vert lagt vekt på at sideren er godt laga, men me set pris på nye spennande siderprodukt. Det vert diplom og premiering til dei beste sidrane i kvar klasse, festivalen sin beste sider uansett klasse, og årets mest nytenkjande produkt.
Resultata frå siderkåringa vert kunngjort på Siderfestivalen i Øystese laurdag 4. oktober.
Siderprøvar til vurderinga:
Av kvar sider du vil ha vurdert, må du levera eller senda inn to flasker med minst 0,5 liter i kvar. Du kan delta med inntil 5 ulike sidrar i kvar klasse i konkurransen. Gje informasjon om råvare, produksjonsmetode og kva klasse produktet høyrer til. Hugs telefonnummer og e-postadresse.
NB! Domarpanelet får ikkje vita bakgrunnen til produktet før døminga.
Påmeldingsfrist:
Siderprøvane må vera innleverte eller komne fram til Øystese seinast tysdag 30. september.
Innleveringsstad og adresse:
Siderprøver til konkurransen kan leverast eller sendast til:
Siderfestivalen i Hardanger
ved Felleskjøpet
Sjusetevegen 14
5610 Øystese
NB! Hugs god emballering og merking dersom du sender det.
Påmeldingsavgift: 200 kr pr prøve. Vipps til nr 940414 Siderråd Eivind Vangdal og merk med namn.
Er det noko du lurer på om siderkonkurransen, kan du kontakta Eivind Vangdal, tlf 906 28 035 eller på e-post eivind.vangdal@kvamnet.no