For n-te gong var vêrgudane med oss på siderfestivalen og ga oss ein dag pause frå kraftig haustregn. Attpåtil titta sola fram. Du verden! Det vart satt nye salsrekordar blant utstillarane på marknaden. Siderbongane gjekk unna på skjenkeområdet. Takk til verdens beste og hyggelegaste besøkande og deltakarar!
Me ynskjer også å takka dei lokale sponsorane og annonsørane våre for nødvendig økonomisk støtte. Øystese Musikklag bidrog med opp- og nedrigg av heile festivalområde.
Holmatun, Skummesalen, Øvreviken, Hardangerfjord Hotel og Spildegarden var med å laga til eit spanande program desse to dagane.
Takk til vår eigen siderekspert Eivind Vangdal som ‘og i år stod for gjennomføringa av siderkonkurransa for amatørar med heile 51 siderbidrag. Me er stolte av vår kompetente finalejury som i år var: Hanne Frosta, Thor Oddvar Hamn og Kasper Wrem Andreson. Dei to sistnemde var vår raude tråd gjennom heile festivalen og bidrog til god festivalstemning og leia oss igjennom det som føregjekk på scena.
Helsing festivalsjef - Marit Buttingsrud