Hardangerfjord hotel har siderkjellar, siderkart og siderentusiastar, men manglar ein siderdrink Og kven er vel betre til å setje saman det perfekte smaksbilete for dette, enn nettopp dei som skal nyte drinken?
Fredag i siderfestivalhelga skal den beste siderdrinken kårast, og alle som vil kan melde sitt bidrag. Drinken skal dømmast av eit eminent drinkpanel saman med ein tilfeldig, men like eminent, representant frå hotellet sine deilige sidergjester. Det beste bidraget får plass på barkartet til Hardangerfjord hotel fram til jul
Program fredag 8.10:
19:00 – 21:00: Drinkmiksing og smaking
22:00: Kåring av vinnar
22:00 – 01:00: Fri leik
Påmelding seinast dagen før i resepsjonen på Hardangerfjord Hotel. Meld deg på med namn, telefonnummer, namn på drink og naudsynte ingrediensar og utstyr.