Forside-innlegg

Fagdag for næringa

Fredag 5. oktober samlast sidernæringa og dei med fagleg og kommersiell interesse for sider på Utne Hotell. 

Nettverksmøtet «Sidersmak & Siderprat» vert arrangert på Utne Hotell. Det vert ein bolk med faglege innlegg og deretter smak og presentasjon av alle siderprodusentane. Her ynskjer me deltakarar frå distributørnettverket, tilsette i bar/kjøkken, siderprodusentar - både dei etablerte og  dei som er i startgropa og andre som har en særleg interesse og tilknytning til sider, velkomne. Ta kontakt med oss for meir informasjon og program.

alde sider.jpg
Asbjørn plukker eple.jpg
Utne hotel.jpg

Siderfestivalen 5.–7. oktober

Fredag samlast me i Øystese si storstove Holmatun. Her vert det presentert ei spesiallaga førestilling i ord, tonar og bilete om Breidablik si historie. Seinare på kvelden vert det «Siderquiz med sidespor» og Siderpub same stad.

Laurdag er det marknad i Øystese sentrum med salsbodar og god mat og drikke. Sider er sjølvsagt i høgsetet, og me får mellom anna fagleg påfyll på Siderakademiet, kåring av beste sider og besøk av velrenommert vinskribent Merethe Bø. Smak deg fram til din favorittsider i skjenkeområdet vårt.

Sundag er det ope på fleire fruktgardar.

Folkehav 2.jpg

Velkomen til Siderfestival!

Datoen er fastsatt - hald av 5.-7. oktober 2018!

Tradisjonen tru held Siderfestivalen også i komande haust eit heidundrades opplegg med gode smakar, finfin stemning, konkurransar, marknad og alt det gode med hausten Og som om dét ikkje var nok, så har me sjølvsagt tinga strålande vær!

Velkomen!

Bilete frå Siderfestivalen 2017