Me har som vanleg allereie fått inn mange flotte utstillarar - frukt sjølvsagt, krotakaker sjølvsagt, bilar sjølvsagt - og det er framleis plass til fleire. Hiv deg rundt og meld inn, så sikrar du deg ein hyggjeleg og bra plass saman med dei andre utstillarane. Lista over dei som er med til no finn du her - syt for at di verksemd vert neste namn på lista!
Forside-innlegg
Har du klar sideren din?
Så var det igjen tid for å kåra verdas beste sider! Som vanleg lyt du senda inn to flasker som prøve og dette lyt du gjera innan 25. september. Les meir om konkurransen her - me ser fram til rekordmange påmeldte! Hugs at me har to klassar, amatør og profesjonell, så det er berre å gjera godsakene klare.
Sykkelshow med Eirik Ulltang
Øystese sin store sykkelson kjem og har oppvisning! Biketrial er knalltøft og konkurransen på verdsbasis er hard. Han er for tida rangert som nummer 19, noko det står enormt respekt av. Han har vunne tolv av seksten enkeltritt i Noreg. Han er også ambassadør for sykkelsporten samt arrangerer eigne kurs og trialsykkelløp, Fjordtrial. Ikkje gå glipp av Eirik Ulltang på Siderfestivalen!
Vassendgutane kjem!
No er det duka for fest, folkens - laurdag 3. oktober kjem sjølvaste Vassendgutane, Ørsta sin minst bevarte løyndom, til Øystese og Siderfestivalen. Karane har halde på med det dei kallar "fest-country" sidan 1996 og braut igjennom i 2005 med braksuksessen Ungkar med dobbelseng. Etter det har det hagla med hits som Hei Reidar og Silikon i tatti, og bandet selte over 80 000 eksemplar av plata XO, som kom i 2008. Det ser ikkje ut til at populariteten har dempa seg, så ver tidleg ute og kjøp billett!
Laurdag 3. oktober Øystesehallen
Billettane kostar 380,- og kan kjøpast på https://onl.ticketco.no/siderfestival2015
