Spildegarden er ein sentrumsnær slektsgard av 4. generasjon som dyrkar frukt og bær. Dei produserer sider, most og mangt anna godt, som du kan kjøpa i butikken på garden.
Eldhuset er nyleg bygd om til ein intim og triveleg restaurant. Her byr dei på eksklusiv sidermiddag under Siderfestivalen inkl lokale råstoff, historieforteljing og eit perfekt tilpassa følgje av sider og most.
Påmelding middag : 971 19 212 / jane@spildegarden.no