Tradisjonen med siderkonkurranse i Øystese held fram. Norges mest siderkunnige domarpanel vurderer prøvane som kjem inn. Dei vurderer sidrane etter internasjonalt brukte retningslinjer, og gjev poeng for korleis dei ser ut, luktar og smakar.
Dette er ein konkurranse fyrst og fremst for amatørane. Alle får tilbakemelding om domarane si vurdering av prøvene, og du kan samanlikna kva poeng dine sidrar fekk for fem ulike kvalitetseigenskapar med gjennomsnittet i sin klasse. Me håpar at dette skal vera nyttig og lærerikt for neste produksjon.
Klassar:
• Tradisjonell sider
• Open klasse
“Tradisjonell sider” er sider laga av rein eplejus. Det kan vera spontant gjæra sider eller laga med tilsett gjær, og svovel og næringssalt kan t.d. nyttast for å styra gjæringa. Sider som er laga av konsentrat/ frysekonsentrat vert vurderte i open klasse.
I open klasse er det rom for alle slag siderliknande produkt. Domarane kan dela i underklassar for t.d. sider tilsett raude frukter og bær, andre smak og/eller fargetilsetjingar og frysekonsentrert issider. Domarane vurderer gjerne pæresider og fruktvinar som og vil verta plassert i open klasse.
Resultat og premiering:
Det vert lagt vekt på at sideren er godt laga, men me set pris på nye spennande siderprodukt. Det vert diplom og premiering til dei beste sidrane i kvar klasse, festivalen sin beste sider uansett klasse, og årets mest nytenkjande produkt.
Resultata frå siderkåringa vert kunngjort på Siderfestivalen i Øystese laurdag 7. oktober.
Påmeldingsfrist:
Dersom du vil delta, må 2 flasker med minst 0,5 liter i kvar vera innleverte eller komne fram til Øystese seinast måndag 2. oktober.
Innleveringsadresse:
Bidrag til konkurransen kan leverast på FK-butikken i Øystese eller sendast til:
Siderfestivalen i Hardanger
FK-butikken v/Birgit Nødtvedt
Sjusetevegen 14
5610 Øystese
NB! Hugs god emballering og merking dersom du sender det.
Kvar produsent kan delta med maksimalt 5 ulike sidrar i kvar klasse i konkurransen. Gje informasjon om råvare, produksjonsmetode og kva klasse produktet høyrer til. Hugs tlf-nr og e-post adresse. Domarpanelet får ikkje vita bakgrunnen til produktet før døminga.
Påmeldingsavgift kr 200 pr prøve. Vipps til Øystese Næringslag nr 12892 og merk med namn og siderkonkurranse.
Er det noko du lurer på om siderkonkurransen, kan du kontakta Eivind Vangdal, tlf 906 28 035, e-post eivind.vangdal@kvamnet.no