Forside
Velkommen til Øystese 4.–5. oktober 2024
Siderfestivalen i Øystese – ikkje av dei største – men ein av dei trivelegaste!
Kom og få auka kompetansen din på sider og siderlegging og smaka deg fram til ein favoritt-sider. Slå av ein god prat eller to, lat deg underhalda og kos deg glugg i hjel!
Me gjentek fjorårets suksess med sidersmaking i Skummesalen i regi av siderpommelierar Kasper Wrem Anderson og Thor Oddvar Havn.
Det vert fest på kaia under siderfestivalen. Me riggar opp telt og inviterer til ein kveld med dans, moro og god stemning!
Heidi Marie Vestrheim kjem til Siderfestivalen for å lese, synge og fortelje frå debutboka si Jenny Fender! Ei barnebok om rock, venskap og kjærleik.
Spildegarden er ein sentrumsnær slektsgard av 4. generasjon som dyrkar frukt og bær. Dei produserer sider, most og mangt anna godt, som du kan kjøpa i butikken på garden.
Tradisjonen med siderkonkurranse i Øystese held fram. Norges mest siderkunnige domarpanel vurderer prøvene som kjem inn.
Eivind Vangdal held også i år kurs med sidersmaking under festivalen. Dette er tilpassa deg som vil vita litt meir om sider og korleis sider vert laga. Kanskje har du laga du din eigen sider, eller ynskjer å prøva.