Draopar er ein ny produsent frå Eidfjord som skildrar seg sjølv på denne herlege måten:
Draopar vart skipa i 2022 og har ein prøveproduksjon som me skal testa på markedet i år.
Draopar er Eidfjord sitt fyrste sideri. Som vanleg skil me i Eidfjord oss ut frå resten av Hardanger også når det gjeld siderproduksjon, Draopar har nemleg starta i feil ende. Draopar vert produsert på ein gard som ikkje lenger er gard, me kan laga sider, men me har ikkje epler! Men ein gong i tida var det mange epletre på garden, både Gravenstein, Raud Torstein og Bramley saman med både pærer, plommer og moreller.
Vel det er ikkje heilt sant at me ikkje har epler, me har nemleg eit rundt 80 år gammalt Bramley epletre. Eit år det var svært mykje epler bøygde heile treet seg, så no veks det bortover, men det gir framleis god avling. Epletreet vårt er såpass spesielt at det vil få ein plass i logoen til Draopar, sideriet som starta kun med 1 skeivt gammalt epletre…
Så kvifor vil me laga sider når me ikkje har gard eller epler?
Jan som er frå Lofthus har sider i blodet, og har i mange år laga god sider i kjellaren. Og det er eigentleg alt me ynskjer, å laga god sider og la fleire få smaka. Så får det heller bli litt i feil rekkefylgje.
Pr dags dato har me to typar sider klar for levering:
Byslodd
Eple: Summerred
Byslodd: Folk frå byen som kjem på landsbygda og meiner dei er storkarar. Kjører fin, blank bil og trur dei eig alt, og kan gjera som dei vil sidan dei er på bygda
Vaseprat
Eple: Aroma og Gravenstein
Vaseprat: Å prata tull om laust og fast. Gjerne over eit glas sider med gode vener. Graden av vaseprat er aukande i samsvar med inntak av sider
Me har ein sort som ikkje er klar enno:
Lausetaus
Eple: Bramley, Karin Schneider, Aroma, Summerred og Gravenstein
Lausetaus: Ei jente som tok seg dagarbeid for å tena til livets opphald. Arbeidet kunne vera hjelp på gardane med alt frå husarbeid til gardsarbeid. Sideren Lausetaus er eple sanka frå ulike gardar.
Førebels har Draopar statleg tilverkingsløyve.
Draopar består i dag av eigarane: Jan Hauso (dagleg leiar), Geir Kristoffersen, Bergljot Maria Veivåg Hauso og Rune Aasegg. I tilegg har me Sverre Kleivkås som er ansvarleg for salg og økonomi. Målet er fyrst og fremst å laga skikkeleg god sider og ein triveleg arbeidsstad.
Jan deltok i siderkonkurransen som privatperson i 2021, dette var med ein annan sider enn den me har i dag.