Forside
Velkommen til Øystese 3.–4. oktober 2025
Siderfestivalen i Øystese – ikkje av dei største – men ein av dei trivelegaste!
Kom og få auka kompetansen din på sider og siderlegging og smaka deg fram til ein favoritt-sider. Slå av ein god prat eller to, lat deg underhalda og kos deg glugg i hjel!
Laurdag 4. oktober skjer det! Tankbilhallen – Skummesalen DJ Stueland står klar med musikk som får taket til å løfte seg!
Etter sidersmakinga fredag kveld held me fram kvelden med pubkveld i Skummesalen med framifrå underhaldning.
Tradisjonen med siderkonkurranse i Øystese held fram. Norges mest siderkunnige domarpanel vurderer prøvane som kjem inn.
Hardangerfjord hotel inviterer også i år til sidermiddag under siderfestivalen. Denne gongen i ny innpakning.
Velkommen til historieforteljing med kortreist mat laga frå botnen som harmonerer
til sidrane på Eldhuset gardsrestaurant på Spildegarden.