Forside

Siderfestivalen 5.–7. oktober

Fredag samlast me i Øystese si storstove Holmatun. Her vert det presentert ei spesiallaga førestilling i ord, tonar og bilete om Breidablik si historie. Seinare på kvelden vert det «Siderquiz med sidespor» og Siderpub same stad.

Laurdag er det marknad i Øystese sentrum med salsbodar og god mat og drikke. Sider er sjølvsagt i høgsetet, og me får mellom anna fagleg påfyll på Siderakademiet, kåring av beste sider og besøk av velrenommert vinskribent Merethe Bø. Smak deg fram til din favorittsider i skjenkeområdet vårt.

Sundag er det ope på fleire fruktgardar.

Folkehav 2.jpg