Forside

Boklansering i Kabuso

Forfattar Thomas Horne presenterer boka si "Om Sider" i kafeen i Kabuso. Nyt gjerne eit glas sider attåt!

Om Sider Thomas Horne.jpg
portrett-thomas-horne.jpg


Dette er boka for deg som vil lage din eigen sider, enten for fyrste gong eller om du allereie er litt erfaren. Om sider, den fyrste siderboka på norsk, fortel deg det du treng å vite før du set i gong.

For å lage boka har forfattar og sideramatør Thomas Horne vore på ei aldri så lita eigenkomponert siderrute for å besøke produsentar rundt om i landet. Alle med ulike produksjonar som viser fram mangfaldet av sider i Noreg. Ifølgje Horne har norsk sider gått gjennom ein liten revolusjon dei siste åra.

Boka er ein hyllest til norsk handverkssider. Hovuddelen av boka skildrar framgangsmåten for å lage sider heime og for så vidt også i kommersiell småskalaproduksjon. Horne omtalar fleire metodar for siderlegging, med eller utan tilsettingar.

Med seg på laget har Horne fotograf Colin Eick og grafisk designar Eivind Stoud Platou. Saman har dei tidligare laga fleire bøkar, blant anna Ølbrygging fra hånd til munnBalkongbønder og Kunsten å ikke kaste mat.