|
Sidergull til Nils Lekve frå Ulvik
Nils Lekve frå Hardanger Saft og Siderfabrikk i Ulvik tok både gull og sølv under Hardanger frukt og siderfestival i Øystese i helga.
Av: Karl Erik Berge
Nils Lekve gjekk til topps med ein tradisjonell og sprudlande type sider på festivalen i Hardanger. På andreplass kom Lekve med Kvasshovden, ein litt tørrare type sider, og på tredje plass kom Gerd Lysen frå Tørvikbygd i Kvam.
Det vart levert inn 30 siderprøver frå 19 produsentar til konkurransen. Ein jury med fem domarar vurderte sideren etter fylgjande kriterium: Farge, klårheit, aroma, smak og ettersmak. For farge, klårheit, aroma og ettersmak nytta ein poengskala frå 1-5. For smak var skalaen 1-10. Smak var altså tillagt dobbelt så stor vekt som dei andre eigenskapane. Maksimalt kunne ein sider få 30 poeng av kvar domar.
- Etter innleiande smaking vart sju av desse plukka ut til finalen som gjekk av stabelen på open scene under siderfestivalen på laurdag. Tre av finalistane stod det profesjonelle siderprodusentar bak, medan fira var laga av dyktige hobbyprodusentar, fortel festivalsjef Marit Buttingsrud.
Ho fortel at Hardanger frukt- og siderfestival 2011 vart ein gedigen suksess. I år kunne ein mellom anna dra på besøk til fleire fruktgardar i Kvam herad.
- Vi fekk ein etterlengta soldag her i Hardanger, og det gjorde susen. Folk koste seg med god mat og drikke i finværet. Det var rekordmange utstillarar på plass og mange tusen var innom festivalen denne helga. Dette gir oss god inspirasjon til å utvikla festivalen vidare. Vi har mange idear, blant anna å få inn meir om mat- og matopplevingar, særleg lokalmat, samt ein del som kan bli meir fagretta mot publikum, fortel Buttingsrud.
Eivind Vangdal i Bioforsk var fagleg ansvarleg for konkurransen, og dommerpanelet vart leda av vinanmeldar Olav Røneid-Hansen. Resultatet vart:
1 Hardanger Saft- og Siderfabrikk - Hardangersider Sprudlande (109 poeng)
2 Hardanger Saft- og Siderfabrikk - Hardangersider Kvasshovden (92 poeng)
3 Gerd Lysen, Tørvikbygd (81 poeng)
4 Guttorm Inge Fykse, Ålvik (79 poeng) 5 Ulvik Frukt og Cideri - Hakastad cider Gravenstein (78 poeng) 6 Kjell Jensen, Ålvik (77 poeng) 7 Magne Lysen, Tørvikbygd (75 poeng)
(http://www.bondebladet.no/mat-og-marked/2011/10/10/sidergull-til-nils-lekve-fraa-ulvik.aspx)
 
Me ynskjer å invitere alle produsentar av sider til å vere med i kåring av Hardanger sin beste sider 2012. Dette vil føregå i Øystese 8.oktober under haustens siderfestival.
Føremålet med ei slik kåring er todelt. Vi håpar å få meir merksemd rundt lokal produsert vare. Og at produsentane kan få konstruktive tilbakemeldingar på produkta sine, med omsyn til smak, farge, oksidering, mm. Alle som deltek vil få ein skrifteg tilbakemelding frå Eivind Vangdal i Bioforsk.
Vin skribent i Bergens Tidende Olav Røneid-Hansen er leiar av dommarpanelet. Finalen er laurdag 8. oktober kl 14.
De må levere inn minst 0,7 liter av kvart påmeldt produkt.
Produkta må leverast Kvam Fruktlager (FK-butikken i Øystese), Bioforsk på Lofthus eller Hardanger Fjordfrukt på Utne seinast fredag 30. september 2011. Me kan hjelpa til med å hente sider frå andre stader, ta kontakt med Eivind Vangdal tlf 906 28 035 eller Marit Buttingsrud tlf 901 52 038
Adresse om du skal sende som pakke:
Kvam Fruktlager,
Sjusetevegen 27,
5610 Øystese.

Den svenske TV-kjendisen Richard Julin var med å kåra den beste sideren på festivalen i fjør. Juhlin er svensk og fødd med verdas beste nase. Juhlin har gjennom TV-serien MerSmak, gjort folk med vitne kva glede og opplevingar smaks- og luktesansen kan gje.
Svenske Richard Juhlin er verdens fremste ekspert på champagne. Han har en unik, medfødt fotografisk hukommelse isine smaks- og lukteorganer og er også en ledende ekspert på vin, kaffe og andre drikkevaner. Han er æresborger av Champagne og slått til ridder av det franske landbruksdepartementet. I programserien er Richard en levende fasit som kan forklarer hvorfor eplene fra Hardanger faktisk er best og skille biffene fra en lykkelig og ulykkelig ku fra hverandre.
Send også ein SMS til mobilnr. 97 66 16 14 når pakken er sendt, med
opplysning om namn og sendingsdato.
|